Hopp til innhold

No skal dei bruke nær to milliardar på nybygg på sjukehuset

Endeleg får Helse Førde lov til å bruke pengar på nybygg for psykiatrien i Sogn og Fjordane.

Nye helse Førde

NYE HELSE FØRDE: Ein illustrasjon korleis moderniseringa av sjukehuset vil sjå ut etter utbygginga.

Foto: HELSE FØRDE

Planen er to nybygg aust for sentralsjukehuset i Førde og ei omfattande modernisering av høgblokka. Først ut er det etterlengta nybygget for psykiatrisk klinikk. Prislappen er nær to milliardar kroner.

Det er styret i Helse Vest som no har godkjend vedtaket som kom frå styret i Helse Førde.

Fornøgd

Arve Varden, som er administrerande direktør i Helse Førde tykkjer dette er bra då at pasientar i Sogn og Fjordane vil få eit betre tilbod.

– Helse Vest tykkjer planane er gode og ser fram til realiseringa av den nødvendige og gode moderniseringa vi tenker i forhold til sentralsjukehuset i Førde. Det vil føre til ei betring av tilbodet til pasientar i fylket.

Styret i Helse Vest har gjeve dei godkjenning til å starte moderniseringa av sjukehuset. Ifølgje Varden er planlagt tidsramme ti år.

Startar utbygging neste år


– Den fyrste utbygginga vil starte i andre kvartal i neste år, og då blir det eit nytt bygg psykisk helsevern. Dette vil samle og styrke tilbodet i psykisk helse, seier Arve Varden.

Ifølgje han vil utbygginga av heile sjukehuset gå kontinuerleg over dei neste ti åra.

– Det neste prosjektet etter psykisk helsevern er nytt tilbygg relatert til ny operasjonsstue, ny sengepost på kvinneklinikken, eit nytt areal for barneavdelinga og ny sterilsentral, seier den administrerande direktøren.

Ei modernisering av bygga som er der frå før vil også skje i etterkant av desse prioriteringane.

Byggetrinna til nye helse Førde

BYGGETRINN: Dette er dei planlagde byggetrinna til helse Førde.

Foto: HELSE FØRDE