No ser dei ei mogleg løysing for Preben Søreide

SØREIDE (NRK): Preben Søreide (21) fekk ikkje lov til å byggje seg hus og flytte heim, men all merksemda rundt saka hans kan ha gitt håp om ei løysing.

Christian Rekkedal på Søreide

SA NEI: Landbruksdirektør Christian Rekkedal (i midten) sa i utgangspunktet nei til å la Preben Søreide byggje hus.

Foto: Ole Heilevang / NRK

– Vi gav avslag om å byggje hus her, men so har det vorte mykje oppstuss rundt det vedtaket, og då tenkte vi til slutt at vi tek berre turen ut og ser oss om, seier Christian Rekkedal.

Han jobbar som landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og var i dag på vitjing på garden på Søreide i Høyanger kommune, der 21 år gamle Preben Søreide ønskjer å byggje seg hus. Problemet er at han vil byggje hus på eit område som er dyrka mark, og som er beskytta av jordvernet.

Det vekka mange reaksjonar då han ikkje fekk lov til det.

Både kjendisar og politikarar gav Preben si støtte, likevel er det slik at departementet ikkje vil gjere om på vedtaket.

I dag ville Rekkedal hos Fylkesmannen likevel sjå seg om, og vurdere saka.

– Vi er her for å sjå på om det er mogleg å gjere noko justering på tomta som er foreslått utbygd, eller om det er noko å seie på det faktagrunnlaget vi la til grunn då vi gjorde vårt vedtak, seier Rekkedal.

Søreide

FIN UTSIKT: Tomta der Preben Søreide vil byggje har fin utsikt

Foto: Ole Helevang / NRK

Vurderer å rive hundre år gamal løe

Det er fokuset saka har fått i media som gjer at Fylkesmannen no vurderer avgjerda på nytt, og mellom anna skal det bli vurdert om ei meir enn hundre år gamal løe på garden kanskje kan rivast for å gje plass til eit nytt bustadhus.

– Formelt sett er saka avgjort, men vi har utfordra kommunen på om det er mogleg å finne andre løysingar. Det er veldig bra at det er ein ungdom som vil byggje i bygda, så vi skal sjå om det er mogleg å finne ei løysing, seier Rekkedal.

Landbruksdirektøren understrekar at det her ikkje er tale om å byggje eit nytt hus som høyrer til garden, men å skilje ut eit bustadhus som ei eiga eining. Han meiner i utgangspunktet at huset heller skulle vore bygd i området i bygda der det er regulert eit bustadfelt.

Preben Søreide sjølv håpar dei kan kome til ei løysing så fort som mogleg.

– Eg håpar det er viktigare at det kjem folk til bygda, enn at ein absolutt skal ta vare på denne grasflekken, seier han.

Ordførar Petter Sortland (Ap) i Høyanger var også med, og har også engasjert seg i saka.

– Det er ei lei sak for Preben, for familien, og eigentleg for heile Søreide-samfunnet. Eg håpar verkeleg vi kan finne ei løysing, seier Sortland.