Hopp til innhold

No satsar ho på eiga hand

Etter mange år i band, satsar Laila Beathe Førde no på ei solokarriere.

Laila Beathe Førde

PRØVER SEG PÅ EIGA HAND: Laila Beathe Førde gir no ut single som soloartist.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Fabel

SAMAN MED FABEL: Laila Beathe har mange år bak seg i gruppa Fabel.

Foto: Åse Skjølberg Myklebust
Laila Beate Førde på Sommarlutt 2012

SOMMARLUTT: Laila Beate Førde på Sommarlutt-scena i 2012.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Bremanger-kvinna Laila Beathe Førde har lang fartstid i musikklivet i Sogn og Fjordane, ikkje minst gjennom sine mange år i fylkesgruppa Fabel.

Førde som er låtskrivar, saksofonist og vokalist, har no teke steget heilt ut og gir ut album på eiga hand som soloartist. Med seg har ho mellom anna Åge Aleksandersen sin trommeslager og Halvor Folgerø som mellom anna er kjent frå Finn-Erix.

– Det heile starta på Sommarlutt i fjor. Då fekk eg prøve ut nokre av låtane. I februar var eg og musikarane mine i studio og spelte inn 12 låtar, fortel ho.

Tidkrevjande prosess

Det har vore ein lærerik prosess å gi ut plate. Ho har til og med starta eige plateselskap.

– Det er veldig kjekt, men også uvant. I Fabel var vi eit heilt band der mange gjorde ting. Då blei det meste speling for min del, men det med CD-produksjon og slikt var det andre som styrte med. Eg har fått meg ein skikkeleg a-ha-oppleving no etter å sette kor tidkrevjande det er.

No har ho gitt ut sin første single og det er ein skikkeleg sommarlåt. Men ei rein sommarplate blir ikkje albumet som kjem ut i haust.

– Nei, den går i forskjellige retningar. Det skal vere ei positiv plate, men har også melankolske balladar. Den skal spegle Laila Beathe Førde i 2013.

Minner om sommaren

Den nye låta heiter Sommartid og Førde har gode og nostalgiske minner om sommaren.

– Sommar er å komme heim til Bremanger og nyte livet i hagen heime med mor eller i båten med far.

Resten av albumet blir sleppt i oktober og Laila Beathe Førde satsar mot 2014.

– Eg håper å få ein del spelejobbar i etterkant av utgjevinga, seier ho.