Det har gått to veker sidan den dramatiske bussbrannen i Gudvangatunnelen. I førre veke byrja tungtrafikk utan passasjerar å sleppe igjennom den 11,4 kilometer lange tunnelen.
I neste veke står resten av trafikken for tur. Om det blir måndag eller tysdag, vil Statens vegvesen komme attende til.
- Les også:
– I starten blir det nok kolonne, men vi vil straks kunne gå over til fri ferdsle, seier Svenn Egil Finden.
Normal trafikk
Skadeomfanget viste seg nemleg å vere langt mindre omfattande enn ein først frykta. Det vart antyda at tunnelen ville vere stengd i seks til åtte veker.
Ordførar Noralv Distad (H) ser fram til at trafikken igjen går som normalt gjennom kommunen.
- Les også:
– Dette har vore ein unntakstilstand som ein gjerne skulle vore forutan. Sjølv om mange har gjort sitt til at ulempene har blitt reduserte, så blir det aldri det same som ein døgnopen veg, seier han.
Har mista inntekter
Næringsdrivande har mista inntekter som følgje av tunnelstenginga.
– Det har blitt kompensert veldig godt i store delar av reiselivet, som har bestillingar, og dei har lagt til rette for at dei skal få gode opphald, seier Distad og held fram:
– Så har det lokale båtselskapet The Fjords sett opp ferje så det har vore kjempegodt tilbod på fjorden og moglegheit til å ta med buss og bil mellom Flåm og Gudvangen, held Distad fram.
Fullt køyr gjennom helga
Hos Statens vegvesen seier avdelingsingeniør Finden det vil bli jobba iherdig gjennom helga for å gjere tunnelen klar for meir enn berre utrykkingskøyretøy og tungtrafikk.
– No står att det sprutebetong i vegg og tak, så er det asfaltering og vegmerking. Den type arbeid vil gå gjennom heile helga, seier han.
– Har det vore stor pågang med tungtrafikk?
– Det har ligge på kring 20 vogntog i kvar kolonne. Det har vore til stor hjelp for omkøyringsvegane at vi har kunne hatt kolonnekøyring gjennom Gudvangatunnelen.