– For oss som stod nær Birgitte var det å få vaksine viktig. Vi opplevde det som ein tryggleik i den tragiske situasjonen vi stod oppe i, seier Birgitte Kallestad sin sambuar til NRK.
Ho kom frå Sotra, men budde i Førde saman med kjærasten.
Etter at 24 år gamle Birgitte Kallestad døydde av rabies etter ein tur til utlandet tidlegare i år, vart det meldt om ei dobling av vaksinasjon mot rabies samanlikna med året før. No har Folkehelseinstituttet nesten gått tom for vaksinen.
Må prioritere
– Me såg jo det i etterkant av hendinga at det var ei betydeleg auke i etterspurnad, seier overlege Tone Bruun ved Folkehelseinstituttet.
– Saka fekk jo mykje merksemd og det har ført til at folk er meir observante på om dei faktisk er i fare.
Ho fortel at mangelen på vaksinen no gjer at dei må ta tøffe prioriteringar.
– Dei som reiser til andre land og vil vaksinere seg på førehand, er me nøydd til å seie nei til.
– Unngå nærkontakt
Ho presiserer likevel at dei framleis har vaksine tilgjengeleg om uhellet er ute.
– Me har sett av vaksinar slik at folk som har vorte biten av dyr i land kor det er rabies, vil få vaksine når dei kjem tilbake igjen, seier ho.
Ho seier nye forsendinger vil kome i løpet av nokre veker.
– Så det er snakk om ei lita periode framover no der me må prioritere litt annleis.
Enn så lenge oppfordrar ho dei som skal på tur til rabies-utsette land om å halde ein «fornuftig» avstand til dyr som vere smitta.
– Akkurat no er me først og fremst opptatt av å gje råd om å unngå nærkontakt med dyr, seier ho.
– Må gjere det dei kan
For kjærasten til Birgitte er det viktig at myndigheitene prioriterer å få dette på plass - fortast mogleg.
– Dei må verkeleg gjere det dei kan for å få tak i nok vaksine, seier han.