Hopp til innhold

No må dei telje fisken

– Her er knapt ein torsk å få sør for Stad, seier Halstein Steinsund. Likevel vil Fiskedirektoratet at han no skal telje kvar torsk dei utanlandske turistane hans får.

Turistfiske sørøya

REGISTRERING: Ein gong i månaden må turistfiskebedrifter melde inn kor mykje og kva slag fisk gjestene får.

Foto: KNUT-SVERRE HORN / NRK

– Vi finn det jo totalt håplaust, seier Halstein Steinsund om Fiskeridirektoratet sitt ny regelverk.

Han driv Steinsund marinesenter i Solund. Steinsund leiger ut hytter til turistar som kjem til vestlandskysten for å fiske. I tråd med dei nye reglane har han no registrert bedrifta si hjå Fiskeridirektoratet.

Turistar som bur hjå registrerte verksemder kan ta med seg dobbelt så mykje fisk heim som dei som vel å fiske på eiga hand. Samstundes pliktar bedriftene seg til å rapportere kor mykje torsk, sei, steinbit, kveite og uer gjestane fiskar.

– Eg hadde skjønt det om turistane her førte ut kassevis på kassevis med fisk, men det er ikkje det som er tilfelle. Det medfører berre eit veldig ekstra arbeid for oss, seier Steinsund.

Kor mykje arbeid dette faktisk vil utgjere, er det få som veit. Bedriftene ventar nemleg fortsatt på informasjon frå Fiskeridirektoratet endå sesongen står for døra.

Bestandskontroll

Olav Lekve, seniorrådgjevar hjå Fiskeridirektoratet, trur dei nye reglane vil ha positive følgjer for turistbedriftene.

Kommunikasjonsdirektør i Fiskeridirektoratet Olav Lekve

TURISTANE SITT ANSVAR: Om turistar vert tekne i tollen med meir fisk enn kvoten tilseier, er det framleis turisten sitt eige ansvar, seier Lekve.

Foto: Fiskeridirektoratet

– Følgjene vil vel først og fremst vere at dei vert oppfatta som ein meir seriøs aktør, seier han.

Lekve seier vidare at dei nye reglane er ein reaksjon på at stadig fleire kjem til landet for å fiske.

– Vi vil få ei oversikt over kor stor aktiviteten og fiskepresset er.

I samarbeid med Havforskingsinstituttet vil Fiskeridirektoratet sjå korleis dette fisket belastar bestanden. Lekve trur også reglane vil bidra til mindre konflikt mellom yrkesfiskarar og turistfiskarar når storleiken på ressursuttaket vert klart.

– Kystfiskarane har ofte klaga på at turistar hindrar dei i å utføre jobben sin, samstundes som dei konkurrerer om dei same ressursane. Eit tal på kor stort turistfisket er, vil vere med på å dempe ei slik konflikt.

Feilprioritering

Steinsund er med på tankegangen bak innføringa. Han skjønnar at turistfiske kan vere eit problem lenger nord i landet, men synest dette er bortkasta ressursar sør for Stad.

– Her sør er det heilt bortkasta. Intensjonen med det her er jo å berge bestanden, spesielt kysttorsken. Men her er det knapt ein torsk å få, seier han.

Han meiner Fiskeridirektoratet bommar om målet skal vere å bevare bestanen.

– No ligg dei i Nordsjøen og trålar heile hal med yngel, men det tør dei ikkje røre for det er storkapitalen som ligg bak. Det er det vi må få slutt på, seier han.