Hopp til innhold

No må dei møte opp her – eller få kutt frå Nav

FANA (NRK): Frå søndag gir sofasitting kutt i sosialhjelpa. Ny lov frå 1. januar krev at alle unge gjer ein innsats for pengane frå Nav, viss ikkje forsvinn støtta.

Eva Karin Sandvik

STRENGARE: Frå 1. januar må alle som får sosialpengar frå Nav møta på aktivitetar som ved Nav Fana i Bergen. Avdelingsleiar Eva Karin Sandvik har jobba her sidan oppstarten i 2005. – På tide at alle kommunar stiller krav.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I fjor utbetalte den norske staten seks milliardar kroner i sosialpengar til 127.000 personar i Noreg. Fire av 10 var under 30 år. Frå 1. januar strammar regjeringa inn.

– Dei unge vil bli sett og stilt krav til. No skal dei bli logga på samfunnet igjen, seier Morten Bakke (H), statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet.

Seks prosent møtte aldri – fekk trekk

I elleve år har alle arbeidsføre som søker sosialhjelp i Fana i Bergen hamna hjå Eva Karin Sandvik ved Folk i arbeid.

Her får brukarane hjelp til å skriva søknader og trena på jobbintervju, i tillegg til å få kartlagt utfordringar og kvalifikasjonar. I fjor gjekk 22 prosent rett i arbeid i løpet av nokre månader og 16 prosent i arbeidslivstrening i bedrift.

– Tala viser at dette fungerer svært bra, seier Sandvik.

6 prosent møtte aldri opp. Desse fekk redusert utbetaling.

Avdelingsleiaren estimerer at tiltaket sparar avdelinga to millionar kroner i året i innsparte stønadsutbetalingar.

Morten Bakke

TØR IKKJE SPÅ: Statssekretær Morten Bakke (H) vil ikkje anslå kor mykje det norske samfunnet kan spara på å få unge på sosialhjelp i aktivitet og forhåpentlegvis i jobb.

Foto: Oslo kommune

Tør ikkje anslå innsparingspotensial

I snitt får mottakarar av sosialhjelp utbetalt om lag 9.000 kroner i månaden.

Departementet vil ikkje estimera kor store innsparingar lovendringa kan gi.

– Det er for tidleg å seia, men erfaringane frå kommunar som har innført tiltak viser at utbetalingane til sosialstønad går ned, seier Bakke.

I dag er det opp til kvar enkelt kommune om ein vil krevja aktivitet frå dei som får sosialpengar.

Ein Nav-rapport viser at talet på mottakarar mellom 18 og 24 gjekk ned med 30 prosent i Drammen og Fredrikstad etter at kommunane innførte aktivitetsplikt.

Men for dei to andre kommunane i undersøkinga, Fjell og Sandnes, uteblei endringa.

Skilnaden er, ifølgje rapporten, at Drammen og Fredrikstad hadde eit større innslag av praktisk arbeid og aktivitetar.

Espen Bratberg

MÅ SATSA PÅ INNHALD: Espen Bratberg meiner det er rett å innføra aktivitetsplikt for alle som tar mot sosialpengar, men håpar kommunane gjer nok for å gjera tiltaket attraktivt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fryktar «tiltak for tiltakets skuld»

Samfunnsøkonom Espen Bratberg ser oppsider og nedsider med lovendringa. Han trur tiltaket vil ha effekt, men meiner kommunane må setta av nok ressursar for å gje brukarane eit tilbod som er attraktivt nok.

Regjeringa har sete av ein pott på 60 millionar til innføring av tiltak.

Han er usikker på om innsparinga vil vega opp for utgiftene med å setja i gang tiltak for mange tusen stønadsmottakarar, spesielt i små kommunar.

– Då må ein samstundes sikra at kommunane gjer brukarane eit meiningsfullt tilbod, og at ein ikkje lagar eit tiltak for tiltakets skuld.

Departementet vil ikkje bestemma kva type tiltak kommunane skal setja brukarane på.

– Det vil ikkje berre bli å møta opp på eit Nav-kontor. Eg er sikker på at kommunane kan koma fram til fornuftige tiltak, seier statssekretæren.

I ei tidlegare utgåve av denne saka sto det at éin av fire som får sosialpengar frå Nav er under 30 år. Det rette er at 4 av 10 er under 30 år.