Onsdag og torsdag byr på snø i fjellet over 400 meter! Køyr etter forholda, og bruk riktige dekk, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.
– Vi får inn kaldare luftmassar som gjer at nedbøren etter kvart får litt kvitare form, seier vakthavande meteorolog Espen Biseth Granan.
Varselet for Vestlandet onsdag seier at det kan bli snø over 400 til 800 meter.
– Då ser det nok ut til at det er indre strøk som får lågast nysnøgrense. Temperaturen går gradvis nedover mot kvelden og det er nok lågast snøgrense då.
Snø også i nord
Den kjølige nedbøren held seg inn i torsdagen og gir noko snø i fjellet på Vestlandet, fortel meteorologen.
– Framleis snakkar vi nok om nysnø høgt til fjells, så får vi sjå litt korleis nysnøgrensene blir torsdag.
På Austlandet er det i høgfjellet over tusen meter det er venta snø onsdag. Med vestavêr blir det lettare vêr aust om fjella utover dagen, også med sol.
Også i Nord-Noreg blir det mogleg finne snø i fjellet dei neste dagane.
– Det er nok ikkje så låg nysnøgrense i Nord-Noreg som i Vestlandet, men det kan vere det blir noko tilførsel av nysnø utover onsdagen, seier Granan.
For delar av Nordland og Troms blir nysnøgrensa på 700–800 meter.
Ustabil vêrtype
Det er generelt ustabil vêrtype som pregar landet. Mot helga melder nordavinden seg i store delar av Noreg.
Det ser ut til ta temperaturen går ned i store delar av landet og det blir tilførsel av snø i alle fall i Nord-Noreg, fortel meteorologen.
– Ein skal nok ikkje skal nok ikkje så langt opp i fjellet på Vestlandet for å finne snø til helga, seier Granan.