Hopp til innhold

No kjem tropiske luftmassar med kraftig vind og mykje regn

Først fekk vi restane av «Dorian», no kjem det meir tropiske luftmassar inn mot norskekysten fullasta med kraftig vestavind og intens nedbør.

Uvær på veg mot Vestlandet

SKALK LUKENE: SKALK LUKENE: Til helga blir det svært vått og regnfullt på Vestlandet.

Foto: Meteorologisk Institutt / met.no

Til helga blir det svært vått og mykje pålandsvind på Vestlandet, særleg i fylka Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Denne veka har vi fått kjenne på restane av to tropiske stormar. I går fekk vi kjenne på «Dorian», ein storm som blant anna herja på Bahamas. Til helga får vi restar meir tropiske luftmassar inn mot kysten, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK.

Gult farevarsel

Luftmassar spekka med regn og vind er på veg over Atlanteren og vi vil merke den spesielt i perioden frå laurdag kveld til og med seint søndag ettermiddag.

– Vi ligg på gult farenivå. Vi forventar 60 til 100 millimeter lokalt i Hordaland og Sogn og Fjordane. Vi har varsla 25 – 30 m/s frå vest, det gjeld først og fremst første del av søndag. Når vi får veldig kraftig pålandsvind, så vil nedbøren trekke seg lenger inn i fjordane enn det som er vanleg, seier Fagerlid.

Då ekstrem nedbør herja blant anna Jølster i slutten av juli førte det til store skadar på vegar og mark. Ein mann mista livet då bilen han køyrde blei tatt av eit skred.

Laster Twitter-innhold

Mindre intens enn i sommar

– Den nedbøren vi hadde i Jølster var ein type konvektiv nedbør, regnbyger som er veldig intense over ein kort tidsperiode. Det som kjem no er nedbør som vil vere langt mindre intens, men som vil vere jamn over lengre tid, slår meteorologen fast.

Han opplyser at september er normalt sett den våtaste perioden på kysten av Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Det er ikkje uvanleg at vi får restar av tropiske stormar inn mot Vestlandet i september og oktober. Gjerne ofte dei lågtrykka som er mest nedbørsrike. Vi ventar også ganske mild luft til helga, så den nedbøren som har kome i fjellet vil nok smelte.