No kjem finvêret tilbake

Det har vore ei fuktig helg i store delar av Sør Noreg. – No kjem finvêret tilbake, seier meteorologane.

Hauklandsstranda i Lofoten

BADETEMPERATUR: – No kjem finvêret igjen, seier meteorolog Siri Weberg. Her frå Rørvikstranda i Lofoten for to veker sidan.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Snøsmelting og nedbør har ført til høge vassføringar og flaum fleire stader i landet.

Framleis er det oransje flaumvarsel for vestlege delar av Sør-Noreg, men no trur statsmeteorolog Siri Weberg at dette vil roe seg.

– Det vil kome lite nedbør hovudsakeleg i Sør-Noreg og det vil bli stort sett fint vêr resten av veka. Dette vil også minke faren for flaum, seier ho.

Høgtrykk frå sør gir gode temperaturar

Ut over veka vil temperaturane krype opp mot 30 varmegrader enkelte stader i Sør-Noreg.

– Ei og anna ettermiddagsbyge kan kome, men stort sett blir det fint vêr.

Varmast blir det i indre strøk på Austlandet og i Telemark. Der vil temperaturane ligge på rundt 25 til 30 grader. På vestlandet kan ein sjå fram i mot 25 varmegrader på dei finaste dagane.

– I Nord-Noreg vil det vere litt meir variert resten av veka, og helga ser ikkje ut til å bli så varm, seier Wiberg, men legg til at morgondagen ser ut til å bli veldig bra.

Kajakktur i Lofoten

Fint vêr lokkar turistar ut på kajakktur i midnattssol i Lofoten.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Framleis skogbrannfare

Det er framleis gult nivå for skogbrannfare i delar av Trøndelag og i sørlege delar av Nordland og Finnmark.

Sidan det er meldt lite nedbør i Sør-Noreg resten av veka seier Wiberg at dette vil også auke faren for skogbrann her òg.

– Så det er viktig å følgje med på dette ut over veka, seier Wiberg.

Høg vassføring på grunn av snø

Sjølv om det er lite nedbør i vente vil dei høge temperaturane framleis føre til mykje snøsmelting.

– Det vil framleis vere høge vassføringar dei neste dagane på grunn av høge temperaturar og snøsmelting, seier vakthavande hydrolog Elin Langsholt.

Ho seier at flaumvarselet framleis er oransje for vestlege delar av Sør-Noreg, men trur likevel ikkje at vassnivået vil stige ytterlegare.

– Vi trur det vil gå tilbake, seier Langsholt.