Hopp til innhold

Bergen lettar på koronatiltaka

I ein månad har bergensarane levd under særs strenge koronatiltak. No lettar byrådet på fleie av dei mest inngripande tiltaka.

PRESSEKONFERANSE: Bergen kommune orienterer om vidare tiltak.

Byrådet i Bergen lettar på nokre av dei mest inngripande koronatiltaka i Bergen.

Det kunne byrådsleiar Roger Valhammer melda på ein pressekonferanse i dag.

Byrådet har valt å vidareføra den lokale smittevernforskrifta med følgande endringar frå og med måndag:

  • Talet som kan samlast i heimen aukar frå fem til ti med ein meter avstand.
  • På innandørs arrangement blir det lov med inntil 50 personar med fast sitteplass.
  • På private inndendørs arrangement på offentleg sted er grensa framleis 20.
  • Idrettshallar, svømmehallar og treningssenter kan halda opent for individuell trening. Gruppetrening vil ikkje vere tillat dei neste to vekene.
  • Bingohallar, bibliotek og liknande som har vore stengt kan no opna.
  • Kaféar og restaurantar får utvida opningstid til klokka 23 og kan servera alkohol til klokka 22.30.
  • Kulturinstitusjonar som har seld billettar på førehand kan gjennomføra førestillingen til planlagd tidspunkt.
  • Det er ikkje lenger raudt nivå på vidaregåande skular, men fylkeskommunen kan innføra dette om naudsynt.

Det siste døgnet er det meldt om 13 nye koronasmitta i Bergen.

Byrådsleiaren seier målet er at bergensarane skal kunna feira jul med nasjonale tiltak, men at dei lokale tiltaka må vidareførast til 20. desember dersom dette skal vera mogleg.

– Eg vil skryta av den gode etterlevinga alle har vist, men det er avgjerande at smittetala held fram å synka, seier Valhammer.

Testing i det nye testteltet på festplassen i bergen korona

TESTING: På Festplassen i Bergen har kommunen ført opp eit svært telt som dei brukar til testing av befolkninga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tøffe tiltak

Allereie måndag sa helsebyråd Beate Husa (KrF) at Bergen har snudd ein skarpt stigande vekst til ein tydeleg nedgang. Ho varsla då at byrådet ville ta ei avgjerd rundt tiltaka før helga.

Ho sa samstundes at ein ikkje var i mål med å slå ned smitten, trass klar nedgang.

I byrjinga av november opplevde Bergen ein eksplosiv smitteauke. Det førte til at byrådet innførte særs inngripande tiltak som bergensarane måtte leva med.

Mellom anna har det ikkje vore lov til å samla meir enn fem personar i private heimar. Unntaket har vore for familiar som er større.

Politiet har straffa brot på reglane med saftige bøter.

Utestadar og restaurantar har også måtte stengja klokka før klokka 22. Etter 21.30 har det ikkje vore lov til å servera alkohol.

Går tilbake til nasjonale reglar

Dei strenge tiltaka i Bergen har óg vore gjeldande i nabokommunane.

I ei pressemelding varslar både Øygarden og Alver kommune at dei frå mandag 7. desember går tilbake til å følge dei nasjonale smittevernreglane. Dette er førebels ikkje aktuelt i Bergen.

Kommunane vil halda fram med å anbefala munnbind på butikkane og heimekontor ut året for alle som kan.

– Vi må ikkje seinka skuldrene og sleppa opp, men gjera meir av det vi veit verkar. Håpet er jo at vi skal unngå at smittetrykket aukar og at det blir nødvendig å innføra tilsvarande forskrift igjen, seier Alver-ordførar Sara Sekkingstad (Sp).

Også Osterøy kommune melder at dei nasjonale tiltaka vil vera gjeldande frå tysdag av.

Bjørnafjorden kommune melder at dei vil halda fram med den lokale smittevernforskrifta, men at dei gjer fleire endringar frå og med måndag.

Positiv smittetrend

Tiltaka i Bergen skulle først vara fram til 23. november. Byrådet valde likevel å forlenga dei til 6. desember.

Dei siste vekene har smittetala gått ned. I snitt har det vore vel 17 smitta per dag den siste veka.

Torsdag var det berre 10 smitta i byen. Det er ein stor kontrast frå 13. november. Då vart det registrert 125 smittetilfelle.

Helse Bergen anslår no at r-talet i Bergen er på 0,4.

Nytt sjukeheimsdødsfall

I dag kom også meldinga om eit nytt dødsfall ved Bergen Røde Kors sjukeheim.

Dette er det femte dødsfallet på sjukeheimen der i alt 10 bebuarar er stadfesta smitta med covid-19.

Ifølge direktør Morten Amundsen er det uklart korleis smitten har kome inn.