Hopp til innhold

No kjem autovernet – to år etter at to fotgjengarar omkom

KJØLSDALEN (NRK): To år etter at to kvinner mista livet då ein bil trefte dei på gangvegen, blir det endeleg bygd autovern. – Tryggleiken på riksvegane er ikkje god nok, seier Riksrevisjonen.

To år etter at to kvinner mista livet då ein bil trefte dei på gangvegen, blir det endeleg bygd autovern. – Tryggleiken på riksvegane ikkje god nok, konkluderer rapport frå Riksrevisjonen.

VENTA LENGJE: Då ulukka skjedde, hadde folk i Kjølsdalen bedt om at vegen vart tryggja fleire år. Det siste innspelet var berre tre månader før ulukka skjedde

– Det har vore tårer, og det har vore gledesmeldingar, seier Thomas Hals, rektor ved Kjølsdalen Montessoriskule.

Gleda skuldast at det endeleg kjem på plass rekkverk ved riksveg 15 i Kjølsdalen i Nordfjord i Vestland.

Han legg til:

– Jula for to år sidan gjev dette ein ekstra dimensjon.

I 2018 omkom to kvinner då ein bil kom opp på gangvegen akkurat der rekkverket no blir sett opp.

Sjåføren av bilen vart seinare dømd til fengsel i eit og eit halvt år.

Då ulukka skjedde, hadde folk i Kjølsdalen bede i fleire år om at vegen vart tryggja.

Det siste innspelet var berre tre månader før ulukka skjedde. Då hadde ein annan bil forvilla seg opp på gangvegen, som også er skuleveg.

Siri Humborstad og Hanna Telvik er elevar på skulen i Kjølsdalen. Det siste året har dei skrive lesarbrev i lokalavisa med krav om at noko må skje.

– Det er bra dei har skjønt alvoret, seier dei.

– Kan hende er det fordi det kom frå to skulebarn som syklar og går der, at det endeleg skjedde noko.

NRK kunne nyleg avdekke at feil eller manglar med autovern har kravd 76 menneskeliv sidan 2005.

Siri Humborstad og Hanna Telvik er elevar på skulen i Kjølsdalen. Det siste året har dei skrive lesarbrev i lokalavisa med krav om at noko må skje.

ENDELEG: – Det er bra dei har skjønt alvoret. Kan hende er det fordi det kom frå to skolebarn som syklar og går der, at det endeleg skjedde noko, seier Siri Humborstad og Hanna Telvik.

Foto: NRK

– Tryggleiken på riksvegane ikkje god nok

– Tryggleiken på riksvegane blir ikkje godt nok følgt opp av Statens vegvesen, konkluderte riksrevisor Per-Kristian Foss 3. november.

På ein pressekonferanse la han fram ein rapport frå Riksrevisjonen om at Statens vegvesen «ikkje har oversikt over tilstanden til eller sikkerheitsnivået på alle objekta i vegnettet, og de får dermed ikkje fastlagt kva slags tiltak det er behov for»:

  • Generelle inspeksjonar er i hovudsak planlagt og gjennomført, men resultata er berre delvis følgt opp.
  • Enkelt- og inspeksjonar gjennomførast i liten grad, og det manglar felles retningslinjer for disse inspeksjonane.
  • Både Vegdirektoratet og representantar frå ulike deler av Vegvesenet oppgitt til Riksrevisjonen, at det manglar felles detaljerte retningslinjer for enkelt- og inspeksjonar.

Riksrevisoren åtvara også mot at autovern med feil og manglar kan gi et alvorleg utfall.

Riksrevisor Per-Kristian Foss.

IKKJE GODT NOK: – Tryggleiken på riksvegane blir ikkje godt nok følgt opp av Statens vegvesen, konkluderte riksrevisor Per-Kristian Foss på ein pressekonferanse 3. november.

Foto: Vegard Venli

– Statens vegvesen er samd i riksrevisjonens påpakning om at instruksar, ansvarsforhold og oppfølging av inspeksjonar i 2019 ikkje har vore god nok, svarte divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo i ein e-post til NRK.

– Ingen samanheng med ulukka

Svenn Egil Finden er avdelingsdirektør for Drift og vedlikehald vest i Statens vegvesen.

Han avviser at arbeidet med rekkverket i Kjølsdalen har ein direkte samanheng med ulukka for to år sidan.

– Dette er eit tiltak som vart registrert i 2016 som eit behov. Eg trur ikkje ulukka her har ein direkte innverknad på at det blir sett opp no, då dette var planlagt å få utført, seier Finden, og held fram:

– Det er mange stader det er behov for å sette opp rekkverk. Men det må prioriterast utifrå dei midlane ein har.