Hopp til innhold

No kan du sjå Venus når sola går ned

Om du kikkar mot vest når sola går ned, ser du kanskje noko som lyser sterkt på kveldshimmelen. Det er planeten Venus.

Venus over Bergen

VENUS: Her lyser planeten sterkt over Bergen. Du kan sjå Venus øvst i biletet, mot venstre.

Foto: Meteorologisk institutt, Bergen

– Akkurat no har han ei sigdform som ein nymåne, og den sigdforma kan du sjå med ein heilt vanleg prismekikkert, seier hobbyastronom Runar Sandnes i Gloppen.

Den siste tida har han sett på Venus kvar einaste kveld. Planeten er i ei særstilling, og lyser om lag 50 gonger sterkare enn Sirius, som er ei av dei sterkaste stjernene.

Du kan sjå planeten utan hjelpemiddel; eller endå betre med ein vanleg kikkert.

– Brukar du kikkert med om lag ti gonger forstørring, kan du også sjå sigda, seier Arnt Inge Vistnes som er fysikar og er tilknytt Universitet i Oslo.

Han legg til at kikkerten må stå heilt i ro.

– Så bruk helst stativ.

– Sjå litt høgt på vesthimmelen når sola går ned. Ut på kvelden når det blir litt mørkare, vil du sjå han litt meir i nord-nordvest.

Venus på nært hald.

PÅ NÆRT HALD: Venus ser du best gjennom kikkert.

Foto: Arnt Inge Vistnes

Lyser veldig sterkt

Årsaka til at planten lyser så sterkt, er skyene som reflekterer sollyset godt, forklarer han.

– Difor blir det mykje lys. Og så er Venus den plantene som kjem aller nærast jorda, og i byrjinga av juni er han på det aller næraste.

Seinare vil planeten gå over til å bli ei morgonstjerne, som får størst lysstyrke i byrjinga av august.

– Men då må du opp i fire-femtida om morgonen, og då er det ikkje så mange som ser han. No skjer det på ei nydeleg tid på døgnet, og på ei tid av året som gjer at den blir ekstra flott i år.

Det heliosentriske verdsbildet

Venus bruker kortare tid rundt sola enn jorda. Difor tar det om lag halvanna år mellom kvar gong han er i nærleiken av oss.

Galileo Galilei var blant dei første som retta teleskopet mot stjernene, seier Vistnes.

– Då han såg Venus-fasane, så forstod han at planetane går i bane rundt sola og ikkje jorda.

Også midt på dagen

Sjølv om Venus er lettast å sjå på ein skyfri himmel når sola går ned, kan du også sjå planeten midt på dagen.

– Det kan du, men det skal ein del trening til. Du må vite kvar han er på himmelen til ei kvar tid. Han beveger seg på same måte som sola, og heng litt til venstre for sola.

Sjølv om dette fenomenet ikkje er så veldig sjeldan, seier Vistnes at det er noko med å legge merke til det som faktisk skjer.

– Folk kan nyte våren og blomane sjølv om det skjer kvart år, og slik er det med Venus også. Eg nyt å sjå han, når han lyser så sterkt og flott. Alt må ikkje vere så veldig sjeldan for at det skal vere moro å sjå.