Hopp til innhold

No kan du nominere din favoritt til Luttprisen

Kven meiner du er årets artist frå Sogn og Fjordane? No kan du vere med å nominere dei du meiner har fortent Luttprisen 2019.

Thea Hjelmeland

VINNAR: Thea Hjelmeland vart tildelt Luttprisen 2018. No kan du vere med å nominere din favoritt til årets pris.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Sidan 2006 er Luttprisen delt ut til årets artist frå Sogn og Fjordane. For å gjere prisen enno større, går i år fleire av lokalavisene saman med NRK om å dele den ut.

Dei som skal gjerast stas på er årets artist og årets talent. I tillegg kjem ein bakompris til ein viktig aktør i musikklivet i Sogn og Fjordane.

Lokalaviser som medarrangør

Både Firda, Sogn Avis, Fjordenes Tidende og Firda Tidend skal vere med på laget, og kjem til å sende prisutdelinga direkte på sine nettsider.

– Det er veldig spennande og viktig at vi no er enno fleire som går saman om å dele ut desse prisane. Målet mitt med Luttprisen har heile tida vore at fleire skal få auga opp for dei fantastiske musikarane vi har i regionen vår. At avisene også blir med på laget er avgjerande for å lage ein viktig pris inn i framtida, seier Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Stian Sjursen Takle i studio

SAMAN: – Det er veldig spennande og viktig at vi no er enno fleire som går saman om å dele ut desse prisane, seier Stian Sjursen Takle som er prosjektleiar for Luttprisen i NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

For siste gong i Sogn og Fjordane

Det er aller siste gong at prisen vert delt ut i Sogn og Fjordane fylke. I fjor var det Thea Hjelmeland som vant. Tidlegare har artistar som Sigrid Moldestad, Eva Weel Skram og Kjartan Lauritzen fått tittelen som årets artist frå Sogn og Fjordane.

No kan du altså vere med å bestemme kven som skal få prisen for 2019.
Tidlegare har desse fått Luttprisen.

– Viktig at folk engasjerer seg

– For oss er det viktig at folk i fylket engasjerer seg i kven som skal få prisen, seier Kai Aage Pedersen, sjefredaktør i Firda, som i år altså er med på utdelinga av prisen.

Difor inviterer vi no alle til å nominere. Og seinare skal ein også få røyste på finalistane.

Luttprisane er både heider, ære og stipend frå Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane sine eigarstiftingar. Det er enkelt å nominere sine favorittar ved å sende ei kort grunngjeving til Luttprisen@blestfest.no. Siste frist for å sende forslag er 1. desember.

Kai Aage Pedersen i NRKs lokaler i Bergen

AVISENE ER MED: Vi inviterer no alle til å nominere sine favorittar til Luttprisen, og seinare skal ein også få røyste på finalistane. Det seier redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen. I år er også dei med på å arrangere prisutdelinga.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Del av stor musikkfestival


Luttprisen er også i år ein del av Blestfestivalen, som er ein stor musikkfest for ny musikk frå Sogn og Fjordane. Så langt er artistar som Maren, Sissel Marie, Gold Celeste, White Man Dancing og MayRahKee plukka ut til å få spele på sjølve Blestfestivalen.

Snart blir det også klart kven som kjem for å spele på utdelinga av Luttprisane laurdag 18. januar på Larris Scene i Førde. Før jul vert det også klart kven som er finalistar i kampen om å bli årets artist frå Sogn og Fjordane.

Sjå Luttprisen frå 2017 her:

Musikkshow med artistar som Kjartan Lauritzen, Sigrid Moldestad, Vilde & Anna, Elida Høgalmen og Andrea Santiago. Programleiar er 
Ronny Brede Aaase. Sendt frå den nye Larris Scene i Førde.

LUTT 2017: Musikkshow med artistar som Kjartan Lauritzen, Sigrid Moldestad, Vilde & Anna, Elida Høgalmen og Andrea Santiago. Programleiar er Ronny Brede Aase. Sendt frå den nye Larris Scene i Førde.

Sjå videoar frå Luttprisen 2018