Hopp til innhold

No kan du ikkje lenger stola på desse fartsskilta til sjøs

Dei neste månadane kan ikkje båtførarar lenger stola på fartsgrenseskilt langs kysten, men bruka ein app.

Fartsskilt til sjøs

SJØSKILT: Kommunar har frist fram til 1. juni før skilt som dette må vera korrekt.

Foto: NRK

Båtsesongen for 2022 er månadvis unna, men har aldri vore nærare.

Før du sjøsett skuta og kastar loss bør ein ha orden på kva som er fartsgrensa der ein ferdast.

Kystverket har nemleg vedteke ei ny forskrift om statlege fartsgrenser på sjøen.

Sven Martin Tønnesen er direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket, og seier at ein ikkje lenger kan stola på gamle fartsskilt.

– Dagens skilt som viser maksfart må endrast fleire plassar. Forskriftene som gjaldt er oppheva, og mange kommunar har ikkje gjeve nye. Så lenge det ikkje er gjort, kan skilta vera misvisande, seier Tønnesen.

Sven Martin Tønnesen

SKILTAR MED NYE SKILT: Sven Martin Tønnesen er direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket.

Foto: Olav Helge Matvik / Kystverket

Må vera på plass innan 1. juni

Kommunar har frist til 1. juni for å passa på at skilta er korrekt. Båtførarar har sjølv ansvaret for å vita kva fartsgrensa er når dei køyrer båt.

Bakgrunnen for dei nye fartsgrensene er endring i hamn- og farvatnlova frå 2020. Som ein oppfølging av det nye systemet vart alle fartsforskrifter oppheva.

– Då må Kystverket og kommunane gje nye fartsforskrifter etter den nye hamn- og farvatnlova, seier Tønnesen til NRK.

Per dags dato er det rundt 125 lokale fartsforskrifter i 95 kommunar langs kysten som er oppheva, og som trenger fornying av både grenser og skilt innan 1. juni.

Nye fartsgrenser til sjøs

NYE REGLAR: Denne illustrasjonen viser kven som har kontroll på kva del av sjøen.

Illustrasjon: Kystverket

– Litt blanda kjensler

Ikkje alle er lika begeistra for dei nye endringane. Stig Hvide Smith er generalsekretær i Kongeleg Norsk Båtforbund (KNBF), og seier dei ikkje er overbeviste om at dette er vegen å gå.

– Me har litt blanda kjensler. Me meiner at det at det burde vore mest moglege einsarta fartsgrenser her i landet. Det er Kystverket som har best kompetanse å setta fartsgrenser, ikkje kommunar, seier Hvide Smith.

Generalsekretær i Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF), Stig Hvide Smith

FRYKTAR FORVIRRING: Generalsekretær i Kongelig Norsk Båtforbund, Stig Hvide Smith.

Foto: KNBF

– Trur de dette kjem til å skapa større tryggleik til sjøs?

– Det er me usikre på. Det kjem framleis vera kommunale forskjellar. No er forvirringa komplett, sidan det står gamle fartsgrenseskilt oppe.

– Mykje enklare enn for eit par år sidan

Medan båtforeininga fryktar forvirring, forsikrar Kystverket om at systemet no blir enklare å handtera enn ei lita jolle.

– Det er mykje enklare enn for eit par år sidan då ein måtte innom kommunehuset for å finna ut kva som gjaldt i det området, seier Sven Martin Tønnesen.

No kan ein finna ut kva maksfarten er via ein app. Det er heller ikkje ideelt, meiner båtforeininga.

– Det er ikkje så lett å styra med ein app når ein køyrer båt. I tillegg har kommunane framleis råderett i mange av dei kystnære områda. Dette kan gjerast betre, og det er Kystverket som bør fastsetta fartsgrensene, slår generalsekretæren i Båtforbundet fast

Fritidsbåter

SNØGGLEIK: Båtførarane på desse fritidsbåtane har sjølv ansvaret for å finna ut kva høgste tillatne fart er.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK