Her kan du plukke jordbær – utan å få vondt i ryggen

LÆRDAL (NRK): Norske bønder investerer millionar for å lette innhaustinga. Og for å få jordbæra tidlegare ut på marknaden.

Olaug Skjerdal

– TIDLEGARE HAUSTING: Nytt dyrkesystem gjer at norske bønder kan hauste jordbæra tidlegare, og få dei ut på marknaden og konkurrere med dei utanlandske.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Det er mykje lettare for kroppen å gå oppreist enn å ligge på kne i åkeren, seier Olaug Skjerdal frå Lærdal i Sogn.

Ho vandrar mellom radene i ein fleire tusen kvadratmeter stor plasttunnel. Her blir 40.000 jordbærplantar dyrka – 1,5 meter over bakken.

– Her har vi planta jordbær på bakken sidan 1998, og det byrjar å bli tungt å gå på huk og plukka. Vi får lett ilt i «knitti», ler Skjerdal.

I fjor investerte ho meir enn éin million kroner i eit «table-top system», som gjer at ho kan stå rett opp og ned når ho plukkar bær.

Det gjer at innhausting går «mykje lettare og fortare», seier ho.

I tillegg gjer «styltene» at det blir færre ròteskadar, og at bæra modnast raskare. På om lag seksti dagar.

– Plantane som står i table-top er komne langt. Dei er snart hausteklare, seier Skjerdal.

Table-top jordbær i tunnel, jordbær,

GOD ARBEIDSHØGD: Jordbæra vert planta i kassar på om lag 1,5 meters høgd. Det gjer det lett å plukke bæra.

Foto: Odd Helge Brugrand

Krevjande teknikk

Fleire og fleire ynskjer no å prøve ut nye måtar å produsere jordbær på. Det kostar meir enn å dyrke på vanleg måte, og dyrkinga krev presis tilførsel av vatn og gjødsel.

– Ein brukar metoden først og fremst for å møte konkurransen med importbær utanom sesongen, men ein kan også skreddarsy dyrkinga til den produksjonen ein vil ha, seier Rune Vereide.

Han er rådgjevar for frukt og bær ved Norsk Landbruksforsking Vest.

Vereide trur nye metodar er framtida for norske jordbærbønder som vil få hausteklare bær før den tradisjonelle sesongen.

– Det er ikkje så utbreidd i Noreg enno, men det er fleire som vil prøve, seier han.

Konkurrerer med utlandet

Vanlegvis startar jordbærbønder i Lærdal haustinga kring starten av juli og held fram til midten av august.

Men i år reknar Skjerdal med å hauste bæra så tidleg som 20. juni. Då kjem det ni bærplukkarar til garden hennar i Lærdal.

Målet er å ta opp konkurransen med dei utanlandske jordbæra.

– Det betyr at vi kan få betre prisar, spesielt om vi er ute før den tradisjonelle sesongen, seier ho.

Olaug Skjerdal, vatningssystem

HJERNEN: Her vert tilførsel av vatn og gjødsel i table-top systemet styrt.

Foto: Odd Helge Brugrand