Hopp til innhold

Reiselivsforskar vil opne for Europa-ferie

Reiselivsforskar Stefan Gössling vil la bilturistar reise mellom land i Europa med låg kornoasmitte.

Campingtur i Sverige

FERIEFAVORITT: Ingunn Alice Fanebust og familien nyt vanlegvis store delar av sommaren på campingferie i Sverige. – Av ein eller anna grunn skin sola alltid der.

Foto: PRIVAT

Han tilrår ei løysing med trygge «sluser», som den mellom New Zealand og Australia.

– Her kan ein opne opp mellom landa til liten risiko, då dei er på same nivå. Eg tenkjer at ein kan sjå på eit tilsvarande system i Europa, der ein så smått opnar mellom dei sikre regionane, seier reiselivsforskar Stefan Gössling ved Vestlandsforsking.

Til desse regionane reknar han mellom anna Danmark, Sverige, Sveits, Tyskland og Austerrike.

– Det å reise med fly er meir problematisk, med tanke på å halde avstand. Så bilferie er kanskje sommarens viktigaste val, seier Gössling.

Stefan Gössling

ØNSKJER SNARLEG OPNING: Stefan Gössling ved Vestlandsforsking meiner det er viktig for Europa å få reiselivet i gang att.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kan likevel bli campingferie i Sverige

Eit aldri så lite håp er tent for norske campingturistar som ønskjer å krysse grensa i sommar.

– Det vert jo trist om det ikkje blir ferie i Sverige i sommar, seier Ingunn Alice Fanebust.

Saman med resten av familien pleier ho kvar sommar å dra på campingferie til søta bror. I år har ho likevel budd seg på noregsferie. Noko anna har ho ikkje våga, sjølv om ho aller helst vil over grensa igjen.

– Av ein eller anna grunn skin sola alltid der.

Ingun Alice Fanebust

CAMPINGLIV: Ingunn Alice Fanebust tar med seg ekstra vaskeutstyr på campingtur i år.

Foto: Ingun Alice Fanebust

Kan du pakke kofferten?

I førre veke blei det klart at karantenetida er redusert til ti dagar. Det gir håp til campingturistar som drøymer om ferie i Norden.

21. april forlenga Utenriksdepartementet rådet om å unngå alle utanlandsreiser som ikkje er «strengt nødvendige».

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet skal utarbeide nye fritidsreiseråd seinast 15. mai, og desse skal gjelde frå 1. juni.

I Nyhetsmorgen fredag 8. mai kom det også nye signal frå Helsedirektoratet.

– Dersom me får ein lik smittesituasjon mellom dei nordiske landa, er det lettare å krysse grensene, uttala Espen Nakstad, som er assisterande direktør i Helsedirektorat.

Med omsyn til reiser utanfor Norden var Nakstad meir reservert:

– Dette er avhengig av kva andre land tenkjer om det, og kva dei utanrikspolitiske føringane blir, seier han

Ingen grunn til å pakke europakofferten riktig enno, meiner Espen Nakstad.

– I det store Europa og den store verda, så vil det ta lenger tid. Men når det blir, er vanskeleg å seie.

Lever i håpet

Samstundes lever Fanebust og familien i håpet om at dei får sjå venene sine på campingplassen i Sverige, allereie i sommar.

Men om det skjer, er ho budd på at ting ikkje vert heilt som før.

– Eg vil nok verte meir skeptisk enn tidlegare år, og kjem til å ha med ekstra vaskeutstyr. Men vi får stole på at det er trygt, dersom myndigheitene tillèt det, seier ho.