– Det har ikkje vore noko skepsis til dette her på tinghuset. Vi har vore samde om at dette er rett veg å gå, seier sorenskrivar Terje Mowatt.
Frå i dag er han den øvste leiaren for tingretten i Sogn og Fjordane. Når Sogn tingrett og Fjordane tingrett blir til eitt, er alle kommunar i fylket, unnateke Gulen, under same tingretten.
– Folk vil ikkje merke noko forskjell på kor vi er, for vi skal framleis vere dei stadene vi er i dag, seier Mowatt.
Likevel håpar han at folk etter kvart vil merke ei positiv utvikling som følgje av samanslåinga.
– Vi håpar og trur at dette vil bidra til at vi får betre tenester og meir ressursar. Vi får ikkje tilført nye ressursar med samanslåinga, men vi kan drive betre, og dermed bruke ressursane betre.
NØGD: Terje Mowatt er nøgd med samanslåinga av dei to tingrettane i fylket.
Foto: NRKKan få meir spesialisering
Sorenskrivaren skal framleis ha sitt hovudkontor i Førde, og han gler seg til å ansvaret for eit sterkare fagmiljø.
– Vi håpar å få til ei jamnare drift, der vi er mindre sårbare for til dømes sjukdom. Det blir ein sterkare organisasjon, seier Mowatt.
Og han trur også at det kan opne for at nokre av dommarane kan spesialisere seg meir inn mot nokre enkeltfelt.
– I utgangspunktet skal du kunne ta alle typar saker i ein tingrett, men kanskje vil no klare å få ein høgare grad av spesialisering av dommarar. Vi ser det litt allereie, men eg håpar vi kan ta fleire steg den retninga.