No har Vegvesenet råda klare om kystveg

Strekninga Haukå-Svelgen bør vere første byggesteg på ein ny kystveg. Det er ei av tilrådingane dei i dag la fram.

Kryssing av Nordfjorden

YTRE: Vegvesenet meiner Kystvegen bør krysse Nordfjorden mellom Tungane og Biskjeneset.

Foto: Statens Vegvesen

Silje Aalbu

VANSKELEG: Silje Aalbu er prosjektleiar i vegvesenet.

Foto: MARTE IREN TRØEN / NRK

Det har vore vanskeleg. Vi har utført ulike analysar på verknadar. Indre trasé har gitt klart best resultat sør for riksveg 5, medan nord for har det vore ganske likt. Der har vi lagt vekt på at det skal vere mogleg å bygge ut etappevis, seier prosjektleiar Silje Aalbu i Statens vegvesen.

Nokre av råda frå vegvesenet:

  • Oppgradere fylkesveg 57 frå Sløvåg til Dale
  • Bru over Ålesundet, der Førdefjorden er på det smalaste, vidare i direkte linje til riksveg 5
  • Vidare frå Grov i Florø mot Haukå i ny trase
  • Ny tunnel under Magnhildskaret
  • Kryssing av Nordfjorden frå Tongane til Biskjelsneset
  • Bevare ferja Stårheim-Isane

Her kan du sjå heile tilrådinga.

– Det er strid her som i andre slike spørsmål, og nokre linjer tener nokon betre enn andre. Vi har prøvd å kome fram til kompromiss, me om folk vil bli samde vil tida vise, seier Aalbu.

Dei samla kostnadane for vegstrekningane vegvesenet tilrår er på mellom 20 og 25 milliardar kroner.

Saka blir no sendt på høyring. Fristen for å svare er 31. mars.