Hopp til innhold

No har teateret fått nytt namn

Nytt fylke betyr nye namn. I dag fekk Sogn og Fjordane Teater sitt nye namn – Teater Vestland.

Bodil Kvamme

NYTT NAMN: Bodil Kvamme og Sogn og Fjordane Teater er ferdige i tenkeboksen. Frå nyttår får Sogn og Fjordane Teater nytt namn.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Teatersjef Bodil Kvamme er godt nøgd med «barnet» sitt nye namn frå 2020.

– Det seier noko om hovudverksemda vår, nemleg å drive teater og å turnere. Og Vestland er vårt nye området. Vi skal ikkje berre turnere i Sogn og Fjordane, men i Nordhordland, Sunnhordland, Midthordland og Vossavelde – i det heile vi skal ut på vegane.

Teateret med base i Førdehuset er i dag eigd av Sogn og Fjordane fylke og Førde kommune.

Medan Hordaland Teater, som frå oktober får namnet Det Vestnorske Teateret, er eit stasjonært teater på Logen i Bergen, held Teater Vestland fram som turneteater.

Teatersjefen seier at det har vore fleire møte – og mange gode namn.

– Alle tilsette står meir eller mindre bak namnet vi landa på for å presisere at vi no er del av eit større fylke og ynskjer å turnere i heile Vestland, seier Kvamme.

Namneendringa kjem som ein direkte konsekvens av at Hordaland og Sogn og Fjordane blir slegne saman til eitt og same fylke over nyttår. Kvamme meiner namnet dei no har landa på vil vere med å forankre teateret som Vestland sitt teater.

– Med namnet seier vi klart og tydeleg at vi skal vere eit teater for alle i det nye fylket. Eg håpar og trur at folk i heile Vestland vil setje pris på dette, seier ho.

– Trur du Sogn og Fjordane vil slutte med å vere ein identitetsmarkør nokon gong?

– Eg trur Sunnfjord, Nordfjord og Sogn alltid vil ha sin identitet. Vi skal halde fram å turnere veldig aktivt i desse tre fogderia, og aktiviteten held vi fram med inn i resten av Vestland.