Hopp til innhold

No har han gjort det betre enn farens beste sesong

Han har scora 22 mål så langt i sesongen. Det er meir enn nok til at han passerer faren og storscoraren, Lasse Opseth, sin beste sesong. Tysdag kveld kunne Kristian Fardal Opseth endåtil notere seg for hat trick alt før pause.

Kristian Fardal Opseth

STORSCORAR: Kristian Fardal Opseth feirar ei av sine mange scoringar. Han tykkjer det er artig å ha gjort ein betre sesong enn kva faren, Lasse Opseth, fekk oppleve.

Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

I praksis opprykksklare Bodø/Glimt valsa over Ullensaker/Kisa med solide 5-2 i 1. divisjonsoppgjeret på Jessheim. Alt etter seks minutt hadde sogningen sytt for to nettkjenningar til bortelaget frå Nordland.

Trur på opprykk

Den sindige karen frå Kaupanger har trua på at dettte går vegen for laget hans.

– Vi skal rote det godt til om vi ikkje klarer opprykk no. Det er fleire kampar som skal spelast, men vi ligg godt an, svarar Fardal Opseth på spørsmålet om det vert eliteseriespel til neste år for Bodø/Glimt.

Om hat-tricken seier han at den kjennest god. Spesielt første målet, der han spela seg fri, framhevar han som det beste av hans eigne tre mål. Ikkje minst fordi det kom såpass tidleg - etter fire minuttar - i kampen.

Sonen: – Artig

Fardal Opseth har scora 22 mål på 25 kampar for Bodø/Glimt denne sesongen. Dermed har han også passert faren og storscorar for Sogndal, Lasse Opseth, sin beste sesong.

– Det har eg ikkje kontroll på. Om det stemmer, er det jo artig, smiler sonen.

Faren: – Vi er stolte

Ein telefon til far, Lasse, stadfestar at sonen har gjort ein betre sesong enn det han sjølv makta då han herja fotballbanene for Sogndal på 80-talet. Rett nok tek faren atterhald om at skal han vere heilt sikker, bør han sjekke statistikken. Men om han ikkje hugsar feil, var hans eigen bestesesong 17 mål på 22 kampar.

– Det er berre kjekt. Vi er stolte over det han presterer, seier Lasse Opseth om sonen sin innsats på fotballbana.

For faren er det som no skjer med sonen ikkje noko stor overrasking.

– Spelestilen i Bodø/Glimt passar han godt og då har vi heile tida vita at han kan score mange mål.