No har han fått ny jobb

Tidlegare stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, har fått jobb som advokatfullmektig frå nyttår. Rotevatn sat på Stortinget for Sogn og Fjordane i perioden 2013 – 2017, i Arbeids- og sosialkomitéen. Etter at han rauk ut av Stortinget tidlegare i år, har han jobba med masteroppgåva i rettsvitskap. Den er straks ferdig, og frå nyttår skal Rotevatn praktisere juss i Oslo.

Sveinung Rotevatn
Foto: Margrete Konstad / NRK