Hopp til innhold

Nye reglar: No er det lov å ha meir rust på bremsene

Denne bremseskiva kan bli godkjend etter endring i EU-kontrollen. No kan du sleppe gjennom med meir rust på bremsene bak.

senterleiar Øyvind Dvergsdal ved NAF Førde

BETYDELEG ENDRING: Denne bremseskiva kan kanskje gå gjennom EU-kontrollen i dag, seier senterleiar Øyvind Dvergsdal ved NAF Førde.

Foto: Kasper Valestrand / NRK

– Denne er heilt i grenseland, seier senterleiar Øyvind Dvergsdal ved NAF Førde.

Han viser fram ei bremseskive som før 1. mars garantert ville blitt bytta ut, men som no kanskje er innanfor.

Tidlegare var det berre lov med inntil 25 prosent rust på kvar av bremseskivene på bakhjula.

No blir dette auka betydeleg til 50 prosent.

Det vil seie at halvparten av ei bremseskive bak kan vere rusta før den må bytast ut.

På bremseskivene framme er det ingen endringar, det vil seie framleis 25 prosent.

Dermed blir det litt lettare å sleppe gjennom EU-kontrollen for bilistar, eller det som også blir kalla periodisk køyretøykontroll.

Salting fører til rust

Hyppigare salting av vegane gjer at bremseskivene rustar fortare.

På NAF-stasjonen i Førde har Dvergsdal bytta ut mange bremseskiver før den eigentlege levetida.

Kostnaden for å byte to bremseskiver kan fort kome opp i 4000 kroner i snitt, inkludert forteneste for utført arbeid.

Mange som er innom verkstaden hans er ikkje veldig entusiastiske når dei får beskjeden om å byte bremseskivene «i år igjen».

– Ein stor del av reparasjonane går i bremseskift, seier Dvergsdal.

Trafikkø

RUST FRÅ SALTING: Salting på vintervegar fører til berre og tryggare vegar, men også til rust på bilen.

Foto: Terje Bendiksby, Bendiksby, Terje

Vil hindre unødige reparasjonar

Statens vegvesen seier lempinga skuldast at bremsene på bakakselen utgjer ein mindre del av det totale bremsearbeidet. Det er bremsene framme som tek den største belastninga.

– Sidan vi lempar på det, så har det vore noko strengt tidlegare, seier seksjonsleiar Sigve Austenå.

Han seier det er blitt gjort grundige vurderingar før regelendringa, som fører til at bileigaren ikkje treng å bytte ut skivene bak så ofte som tidlegare.

– Det har ikkje noko å seie for trafikktryggleiken. Då er det ikkje noko poeng å ha eit så strengt krav som vi har hatt tidlegare.

Særleg blant elbilar har rust vore eit problem, der systemet legg opp til meir motorbrems og mindre bruk av klossar og skiver.

God motorbrems frå elmotoren gjer at spesielt bakbremsene er utsette for rust, sidan føraren trakkar sjeldnare på bremsen.

– Dette er ei veldig positiv endring så lenge det ikkje går på kostnad av trafikktryggleiken, seier Ståle Frydenlund, testansvarleg i Norsk elbilforening.

EU-kontroll på bil i Førde

MEIR RUST TILLATE: Frå 1. mars endra Statens vegvesen regelverket og tillèt 50 prosent rust på bremseskivene bak.

Foto: Kasper Valestrand / NRK

Har tillit til fagfolka

Trygg Trafikk stolar på vurderingane som er gjort før regelendringa vart innført.

– Eg reknar med at ein med dette ikkje ser lettare på tryggleiken. Det er ein føresetnad. Vi tek det for gitt at det er gjort naudsynte berekningar, seier seniorrådgjevar Bård Morten Johansen.

Trygg Trafikk meiner også salting er positivt for trafikktryggleiken. Organisasjonen viser til at det er etablert ein strategi om berre vegar på store delar av vegnettet og i dei store byane.

– Men saltbruken kan tidvis vere unødig. Då vil ein få rustangrep på køyretøya. Då kan det vere ei tryggleiksproblem med rust, kanskje særleg på tunge køyretøy og der ein ikkje kjem så lett til på inspeksjon.

Bård Morten Johansen

STOLAR PÅ VURDERING: Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk stoler på vurderinga som er gjort rundt lemping av rustkravet.

Foto: Erland Knutsen / NRK

Innskjerpingar på andre område

Medan ein lempar på krava til rust på bakbremser, blir det stramma inn på andre område. Som til dømes:

  • Fleire kontrollpunkt for å fange opp køyretøy som ikkje er i samsvar med krava.
  • Fleire kontrollpunkt for å fange opp tilfelle der det er gjort feilaktige reparasjonar.
  • Frå 1. august blir det innført kontroll av kokepunktet på bilens bremseveske. Dette etter tilråding frå Statens havarikommisjon.