Hopp til innhold

No har denne krabaten vakna frå vinterdvale

Han er eit sikkert vårteikn, men gjerne ikkje i februar. Ser du ein hoggorm på denne tida av året, så kan det vere fleire ormar i nærleiken.

Hoggorm

PÅ LUFTETUR: Ser du hoggorm på denne tida av året, så er han ofte i nærleiken av eit hi med fleire ormar.

Foto: ANNE KRISTOFFERSEN

Anne Kristoffersen fekk eit noko uvanleg syn då ho var på biltur i Berle i Nordfjord. På asfalten låg det noko langt og svart midt i vegbana. Kristoffersen stogga bilen og sikra seg eit bilete av det tidlege vårteiknet. Allereie 22. februar møtte ho på ein hoggorm som lét seg lokke av litt sol.

– Dette var veldig tidleg. Eg har aldri sett ein hoggorm i februar før, seier ho.

Som med folk, så vil ormen ut for å nyte finvêret. I Berle var det 11 grader og gløtt av sol denne februardagen, då ormen bestemte seg for å åle seg over vegen. Sist Kristoffersen møtte på ein orm i den vesle vestlandsbygda, var møtet av den meir ubehagelege sorten.

– I sommar skulle eg stelle ved ei grav på gravplassen. Eg såg ikkje ormen som låg der, før eg plutseleg blei beten. Etter det har eg blitt meir skeptisk, seier Kristoffersen.

Også fleire andre stadar har folk sett orm dei siste dagane, blant anna i Sunnfjord.

Anne Kristoffersen

FEBRUAR: Anne Kristoffersen frå Berle har aldri sett hoggorm så tidleg som i februar.

Foto: Privat

Ser du ein orm no, så er det fleire i nærleiken

Det er ofte i vårmånadene april-mai hoggormen vaknar etter å ha vore i vinterdvale. Ein av dei som ventar i spenning på at hoggormen skal komme ut av vinterdvalen, er forskar og hoggormekspert ved NTNU, Dag Dolmen. Ormen i Berle er den første han har høyrt om i år.

– Ofte er det Jæren i Rogaland som er først ute, men denne gongen var det Sogn og Fjordane. Det er ikkje heilt uvanleg, men det er likevel tidleg. Vi har hatt ein lang periode med mildvêr, så dette har eg venta på, seier han.

I Noreg ligg ormen i dvale om vinteren, gjerne mange i lag. Ser du ein hoggorm på denne tida av året, så er det truleg eit hi med fleire ormar i nærleiken.

– Ormen vil ikkje trekke langt frå hiet sitt. Dei vil ofte ikkje vere lenger vekke frå hiet enn ein radius på ti meter, seier Dolmen.

Dag dolmen forsker på amfibier, her undersøkerhan livet i Bjølstaddammen i Fredrikstad

HOGGORMEKSPERT: Hoggormekspert Dag Dolmen ventar i spenning på våren når hoggormen kjem ut frå hiet sitt.

Foto: Anne Ognedal / NRK

– Ikkje dei store mengdene

Er du ein av dei som fryktar ormane vil strøyme ut frå hiet allereie no, så kan du truleg puste letta ut.

– Blir det sol og varme, så kan hoggormen komme fram, men det blir ikkje dei store mengdene av orm som kjem ut no, seier Dolmen.

Hoggormeksperten har likevel eit klart råd til deg.

– Sjå deg godt om før du set deg ned på stadar der sola varmar. Ser du orm, så la den vere i fred. Nyt heller sola ein annan stad, seier Dolmen.

ORM

VINTERDVALE: Hoggormen vaknar frå vinterdvalen i april-mai.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix