Hopp til innhold

Dette er sjeldan: Det er mange år sidan det vart oppretta nye ferjesamband i ferjefylket

Det er sjeldan det blir oppretta nye ferjesamband. Men i Gulen skjedde det i dag. Hisarøy fekk samband med Mjåneset på fastlandet.

Opning av ferja til Hisarøy

ÅSHILD OPNA SAMBANDET: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes flankert av avdelingsdirektør Nils Magne Slinde, Statens vegvesen, og ordførar Hallvard Oppedal i Gulen kommune.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

Og dei vel 30 fastbuande innbyggjarane på Hisarøy heiste flagget då ruta med den elektriske drivne kabelferja «Hisarøy» vart opna av fylkesordførar Åshild Kjelsnes fredag. Rita Stendal i grendelaget er oppglødd over at så mange hadde møtt opp til opninga.

– Det er fantastisk, og det er kjekt å sjå at så mange vil vere med oss og feire denne store dagen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kabelferja til Hisarøy i Gulen

NY KVARDAG: Kabelferja 'Hisarøy'gjer livet lettare for folk på Hisarøy.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

– Håpar på fleire avgangar

Til no har dei vore avhengige av ein skyssbåt som ikkje går så altfor ofte.

– Det har vore kjekt å ha skyssbåten å ty til, men det har vore for få avgangar, og då har vi måtta ta eigen båt. Det er ikkje alltid like moro når vi kjem heim etter at det har blitt mørkt, og det bles og det snøar. Då skal det bli veldig deilig å gå eller køyre om bord i ferja i staden, og køyre heilt til døra.

No kan dei fleire gonger for dagen ta den åtte minutt lange turen med kabelferja. Rita Stendal trur dette får mykje å seie.

– Vi håpar at vi får ein del tilflyttarar, og det blir mykje lettare å få transportert ting til øya, og så håpar vi at vi etter kvart får litt fleire avgangar enn det som er bevilga no. Men uansett så gir dette ei positiv stemning mellom oss som bur her.

(Artikkelen held fram under biletet).

Opning av ferjesamband til Hisarøy

MANGE FRAMMØTTE: Det var langt fleire enn dei fastbuande på Hisarøy som feira opninga. I bunad Rita Stendal i grendelaget på øya, til høgre ordførar Hallvard Oppedal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Tru på framtida

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier ho er glad for å vere med på å gje innbyggjarane på Hisarøy ein lettare kvardag.

– Eg får tilbakemeldingar om at vi har gitt dei tru på framtida, og at dei håpar det kan føre til at fleire vil busette seg på Hisarøy. Og det at så mange har møtt opp i dag viser at folk set pris på at det skjer positive ting innan samferdsel.

Ho seier at eit slikt samband er svært viktig sjølv om det ikkje bur mange på øya.

– No kan folk få velje kvar dei vil bu. Skal vi ha gode liv i utkantane er vi avhengige av gode kommunikasjonar.

Det er bygt til saman 1,1 kilometer veg før ferjeopninga, 300 meter på fastlandet og 800 meter på Hisarøy, frå Nyhamar sørover til ferjeleiet

Kart over Hisarøy

HISARØY-MJÅNESET: Ferja går til Mjåneset på fastlandet.

Foto: Norgeskart