Hopp til innhold

No har BMW-tjuveria spreidd seg til Vestlandet

Frekke tjuvar har knust seg inn i over 200 BMW-ar i Noreg. I natt slo dei til i Bergen for andre gong, og politiet åtvarar no eigarar av nyare BMW-ar.

BMW innbrot i Bergen

BORTE VEKK: Både rattet og anna utstyr er på frekkaste vis fjerna frå denne BMW-bilen i løpet av natta i Bergen. Då NRK var på staden, måtte bilen tauast vekk.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

– Vi ser at dette er same modus som i fleire liknande saker over heile landet, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt til NRK.

I løpet av natta har nokon brote seg inn i fire bilar parkert i same gate i Bergen sentrum. I Starefossen har tjuvane knust ruter, og deretter forsynt seg med ratt, navigasjonsanlegg og anna utstyr frå dashbordet.

Det same skjedde med seks BMW-bilar parkert på Bergen lufthamn Flesland for nokre veker sidan.

Dermed kan eit tjuverifenomen mest kjent frå Austlandet og Sørlandet no ha etablert seg på Vestlandet.

Innbrudd i flere BMWer - ratt stjålet fra bil

FLEIRE HUNDRE INNBROT: Politiet har fått meldingar om over 200 slike BMW-innbrot både på Austlandet, Sørlandet og i Trondheim.

Foto: Politiet

Over 200 innbrot

Sidan juni har det nemleg vore over 200 innbrot i BMW-ar over heile Sør-Noreg.

Men også i Trondheim har det vore fleire tilfelle av knuste ruter på bilar av same merke.

Proffe tjuvar stikk av med verdifullt utstyr og politiet meiner det openbart er eit stor marknad for å selje utstyret vidare til marknader i Aust-Europa.

– Dei er ute etter navigasjonsanlegg, ratt, airbagar og lykter. Dette vert sannsynlegvis transportert til Aust-Europa der det blir installert i andre bilar, fortalde politioverbetjent Stig Vasbø ved Majorstua politistasjon i Oslo til NRK i oktober.

Ingen arresterte i Bergen

Politiet i Bergen har førebels få spor etter gjerningspersonar etter innbrota i natt. Men operasjonsleiaren på Vestlandet seier dei ikkje kan sjå bort frå ein samanheng mellom nattas ugjerningar, og dei fråstolne BMW-ane på Flesland.

– Vi har vore på åstaden og sikra bevis no, så får me håpe at spor som til dømes videoovervaking kan lede oss til dei som står bak, seier Samsonsen.

I Sverige har fleire personar blitt arrestert for same type innbrot. Svensk politiet veit at nokre av desse personane har vore i Noreg.

Politiet åtvarar

Onsdag ettermiddag går også Sør-Vest politidistrikt ut og åtvarar mot tjuvane, og ber innbyggjarar i Rogaland vera på vakt. Politiet fryktar altså at dei er på veg vidare sørover.

– Det er grunn til å gå ut og åtvare mot dette. Tjuvane opererer raskt, og slår gjerne til medan du søv. Dei brukar svært kort tid på «brekka», seier operasjonsleiar Egil Karlsen i ei pressemelding.

Her ber eigarar av nyare BMW-ar om å passe godt på bilane sine, og folk om å melde frå til politiet på telefon 02800 dersom ein ser mistenksame personar som syner interesse for BMW-ar.

«Politiet antar det er mobile vinningskriminelle fra Øst-Europa som er på ferde. Tyvegodset blir da mest sannsynlig transportert ut av landet, hvor vi antar det blir installert i andre biler eller solgt på illegale marked», skriv Sør-Vest politidistrikt i pressemeldinga.