Hopp til innhold

No har Bergen fått nytt byråd

I dag måtte Martin Smith-Sivertsen (H) gi frå seg nøklane til Harald Schjelderup (Ap). – Ein spesiell dag, seier den nye byrådsleiaren.

Det nye byrådet i Bergen under konstituerande møte

BERGENS NYE BYRÅD: (F.V): Julie Andersland (Venstre), Pål Hafstad Thorsen (Ap), Dag Inge Ulstein (KrF), Harald Schjelderup (Ap), Erlend Horn (Venstre), Rebekka Ljosland (KrF) og Anna Elisa Tryti (Ap).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Over ein månad etter kommunevalet byrjar brikkene å falla på plass i det politiske Bergen.

Tysdag fekk byen eit nytt byråd, i går var det konstituerande bystyremøte.

I dag skal det gjennomførast ein drøss med nøkkeloverleveringar i toppetasjane på rådhuset i Bergen sentrum. Dei tidlegare byrådane frå Høgre og Frp må gi frå seg kontoret til ferske byrådar frå Ap, KrF og Venstre.

NRK sende direkte når avtroppande byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H) gir nøklane til kontoret til Harald Schjelderup (Ap).

Martin Smith-Sivertsen leverer nøkkelen til byrådsleiarkontoret til Bergens nye byrådsleiar Harald Schjelderup.

– Ein spesiell dag

Schjelderup kom til trettande etasje på rådhuset litt forseinka. I gangen helste han på dei som jobbar i avdelinga, før han møtte Smith-Sivertsen inne på kontoret.

– Dette er ein spesiell dag. Byen får ein ny politisk leiing, seier Schjelderup til NRK etter å ha fått nøkkelen til Bergens viktigaste kontor.

– Her har du nøkkelen Harald, med bilde av deg sjølv på, smilte Smith-Sivertsen då han gav frå seg kontornøkkelen.

– Eg ønskjer deg velkommen til å ta over kontoret. No tar du på deg eit stort ansvar. Bergen er ein veldriven kommune som du no får gleda av å overta. Det er mange dyktige folk som jobbar her på huset, sa høgrepolitikaren.

Byrådsleiar Harald Schjelderup (Arbeidarpartiet) i Bergen 2015-2019

PÅ PLASS: Harald Schjelderup (Ap) i stolen på byrådsleiarkontoret.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Takka Smith-Sivertsen

Schjelderup nytta anledninga til å takka Martin Smith-Sivertsen for jobben han har gjort det knappe året han har vore byrådsleiar i Bergen.

– Eg har stor respekt for deg, sjølv om vi er politiske motstandarar. Vi har klart å samarbeide om viktige saker i Bergen og eg håpar vi kan halde fram med å jobbe saman i saker som er til det beste for byen, sa Schjelderup.

Nye byrådar

I tillegg til Schjelderup, får følgande politikarar nøklar til byrådskontora i rådhuset:

  • Dag Inge Ulstein (KrF) – finansbyråd og nestleiar av byrådet
  • Erlend Horn (Venstre) – byråd for sosial, bustad og inkludering
  • Pål Hafstad Thorsen (Ap) – byråd for skole, barnehage og idrett
  • Anne Elisa Tryti (Ap) – byråd for byutvikling
  • Rebekka Ljosland (KrF) – byråd for helse og omsorg
  • Julie Andersland (V) – byråd for klima, kultur og næring
Eiler Macody Lund gir nøklane til Dag Inge Ulstein

OVERLEVERING: Eiler Macody Lund gir frå seg kontoret til den nye finansbyråden Dag Inge Ulstein.

Foto: Sølve Rydland / NRK