Hopp til innhold

Var «Bli Liten» tvikjønna likevel?

«Bli Liten» vart fødd heilt spesiell. Då kjæledeggen i Lavik vart slakta håpte matmora finne ut kva det eigentleg var med lammet.

"Bli Liten" var ikkje tvekjønna likevel

VILLE VITE MEIR: Det vesle lammet «Bli Liten» fekk leve eit godt liv heilt til det vart slakta i haust. Matmora håpte då at ho kunne finne ut meir om kva som gjorde det spesielt.

Foto: Thomas James

Sauebonde Aslaug Brendsdal gjorde store auge då lammet kom til verda i midten av april. Først såg det ut til å vere eit lite vêrlam, men då ho såg nærare på det såg det ut til å vere litt av begge kjønn.

Ein veterinær meinte derimot at det var snakk om ein spesiell misdanning, ei forklaring matmora aksepterte. Men då lammet i haust vart slakta tok dei ein ekstra sjekk.

– Det var mannen min som meinte av vi måtte sjå etter når vi opna han, og det gjorde vi. Og vi fann noko anna inni der, seier Brendsdal.

Vart overraska av ein liten ulldott

Det vesle lammet har fått mykje merksemd sidan det såg dagens lys i sauefjøsen i Lavik. Ingen hadde trudd at det skulle kome noko uvanleg ut av sauene, men nettopp det skjedde. Etter å ha teke i mot eit stort og fint vêrlam, viste det seg at ein spesiell krabat også var på veg.

– Det første lammet var litt stort, så då måtte eg hjelpe til. Eg sjekka kva kjønn det var, og det var ein vêr. Medan sauen var oppteken av dette lammet berre sklei det ut noko bak, fortalde Brendsdal om lamminga i vår.

– Det var eit bitte, bittelite lam. Det var berre ein tredjedel av broren sin. Så sjekka eg kjønnet på det lammet og. Eg letta på ein fot og fann ut at det var ein vêr, sa Brendsdal.

Meinte det var ei sjeldan misdanning

Lammet fekk namnet «Bli Liten» og var så lite at det måtte få flaske. Etter nokre dagar såg Brendsdal at lammet var så brunt bak, og trudde det var fordi det hadde fått diare. I staden oppdaga ho at det såg ut til at lammet hadde dobbelt opp av begge kjønn.

Veterinær Cecilie Ersdal jobbar som førsteamanuensis ved Norges Veterinærhøgskule og såg nærare på bilete av lammet.

Ho meinte det ikkje var snakk om noko tvikjønna lam, men heller ei svært sjeldan misdanning.

– All misdanningar hos lam er sjeldne, og dette er ei veldig sjeldan misdanning, sa Ersdal til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

"Bli Liten" saman med mor si på garden i Lavik

IKKJE TVIKJØNNA: Veterinær Cecilie Ersdal trur ikkje «Bli Liten» var tvikjønna. Ut frå bileta trur ho heller det var snakk om såkalla aksessoriske kjønnskjertlar.

Foto: Thomas James

Ville vite meir

Sauebonden Aslaug Brendsdal slo seg til ro med denne forklaringa og «Bli Liten» fekk leve vidare. I sommar har han vakse seg både stor og fin, men noko sommarbeite har han ikkje fått vere på.

– Eg prøvde å ha dei til fjells, men mora hans nekta å gå. Så dei har vore heime, seier ho.

– Men det var slett ikkje «Bli Liten» si skuld, ler ho.

I slutten av oktober vart det likevel slutten for Bli Liten, han vart då slakta saman med eit vêrlam. Brendsdal nytta då høve til å prøve finne ut meir om kva som gjorde at lammet var litt utanom det vanlege.

– Det vi fann inni fraus vi ned. No har eg fått ein dyrlege til å sjå på det, og ho meinte det kunne vere ei livmor, seier Brendsdal.

– Det har vore spennande

Ersdal som såg på bileta av lammet i vår har sett på bileta av det som vart funne inni lammet etter slaktinga. Ho seier det er vanskeleg å seie noko sikkert ut frå bileta, men trur framleis ikkje det er snakk om eit tvikjønna lam.

– Eg heller mot at dette er aksessoriske kjønnskjertlar som kan vere ganske framståande hos vêr. Aksessoriske kjønnskjertlar er utvidingar av sædleiarane og finst nær urinblæra, seier Ersdal.

Brensdal seier det ikkje er så viktig om ein får noko endeleg forklaring på kva som feilte lammet. Uansett har han gitt mykje glede til matmora.

– Det har vore spennande, seier ho.