No får vi ein smakebit på hausten

Etter mange fine seinsommardagar, ventar no lågare temperaturar og meir nedbør.

Mye regn i Møre og Romsdal

MEIR NEDBØR: Til helga er det venta ein god del nedbør, fortel meteorologen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Du kan kalle det haustvêr, men eg vil ikkje seie at hausten har begynt, seier Kristin Sæter, vakthavande meteorolog.

– Men vi ser at vi får ein vêrtype med litt meir kraftige, klart definerte lågtrykk som vi forventar på denne tida av året og utover vinteren, fortel ho.

Ho fortel at helga startar med sørleg vind og regnbyer.

– Det vil halde fram med byer. Dei blir ikkje like kraftige som fredag, men det vil kome regnbyer og det kan kome ein god del nedbør – men truleg ikkje som styrtregn, seier ho.

Det kan også bli ein del vind og stiv kuling utsette stader i periodar.

Laster Twitter-innhold

Har sendt ut varsel

Varsom.no har sendt ut jord- og flaumskredvarsel for Vestland fylke, delar av Rogaland og Møre og Romsdal. Varselet gjeld frå laurdag morgon til søndag morgon.

– Det kan sikkert kome 50–60 millimeter nedbør på seks timar laurdag. Det er ganske mykje, men ikkje ekstremt, seier Sæter.

Dette gjeld for Vestlandet, og aller mest i ytre strøk, fortel ho.

Søndag roar vêret seg litt meir ned.

– VI kan framleis få enkelte byer, men det vil ikkje bli så kraftige byer og ikkje så mykje ned bør, men temp vil til gjengjeld gå ned.

Bod tatt av vinden på Torget i Bergen

STERK VIND: Ein av bodane på Torget i Bergen blei velta av sterk vind laurdag morgon.

Foto: Anne Lise Kristensen

Kjøligare neste veke

Neste veke går temperaturane ned, fortel meteorologen.

– Det blir ein kjølig vêrtype frå starten av neste veke. Vi har hatt usedvanleg høge temperaturar, no ser vi at det går litt meir tilbake til det som er normalt for årstida, seier Sæter.

Laster Twitter-innhold