Hopp til innhold

No kjem pengane som bergar påska for Anita og fleire hundre andre

Svaksynte Anita var sikker på at ho måtte sitje heime heile ferien. No kjem pengane som reddar påsketuren.

Anita Våg ventar på bussen. Utan drosjepengar blir kvardagen vanskelegare.

FÅR FYLT PÅ KORTET: Fylkeskommunen har snudd, og bestemt seg for å gi brukarane av transportordninga midlar på forskot. Då kjem Anita seg på skitur i ferien.

Foto: Silje Guddal / NRK

– No kan eg fortelje dottera mi at vi kan reise på hytta, besøke besteforeldra, og kome oss på skitur. Fantastisk!

Anita Våg lurte på kva ho skulle seie til dotter si, som hadde lagt mange planar for påska. Ho trudde dei vart nøydd til å sitje heime heile ferien, men no har ho og 400 andre fått pengane dei treng for å kome seg rundt.

For førre veke melde NRK at pengane fylkeskommunen skulle få for at blinde, svaksynte og rullestolbrukarar enklare skal kunne reise, lot vente på seg.

Fylkeskommunen snur

Fylkeskommunen ville i utgangspunktet ikkje betale ut pengar til brukarane av ordninga, før dei visste kva dei fekk frå staten. No har dei ombestemt seg.

– Vi tykkjer det er ille at folk ikkje kjem seg ut i påska, difor bestemte vi i dag at vi skal betale ut pengar på forskot, seier Monica Åsnes i Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Alle brukarane i fylket får no utbetalt 5000 kroner til drosjekorta sine, og pengane skal vere tilgjengelege frå i dag.

Fridom til å vere spontane

Fylkeskommunen har søkt Samferdsledepartementet om 11 millionar kroner til drosjetransportordninga. Sjølv om Sogn og Fjordane har vore inne i ordninga sidan i fjor, har dei ikkje høyrt noko om når støtta kjem for i år.

– Vi veit ingenting, men tek sjansen på at vi får midlar over påske. Det er urettferdig at det skal gå utover brukarane som blir sitjande heime utan pengar, difor måtte vi gjere det slik, seier Åsnes.

For Anita er det viktig at pengane kjem når dei er lova.

– Det er viktig at det er kontinuitet i det. Utan pengane må ein ofte gjere avtale med venner og familie om skyss, og det kan vere vanskeleg å få til utan å planlegge. No kan vi til dømes ta ein spontan tur på kino, seier ho.

– Eg er glad vi slepp å sitje heime, og tenkjer på alle dei andre som får høve til å kome seg ut i påska, for vi har jo fått eit slikt fantastisk påskevêr!, ler bryggjaværingen.