Hopp til innhold

Etter fem månader får dei endeleg gå i land: – No skal eg vera åleine

I Nato-teneste fekk ikkje mannskapet på KNM «Otra» gå av skipet på fem månader: – No skal eg vera åleine, seier meinig Henrik Vangen (20).

Styrkesjefen helsar skipssjefen når han går i land.

TRER AV: Styrkesjef Henning Knudsen-Hauge går i land frå det tyske skipet FGS «Donau», og helsar skipssjef Bernd Abshagen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Det fyrste eg skal gjera når eg kjem heim er å seia hei til familien. Så skal eg rett inn på rommet mitt og vera åleine.

Det seier meinig Henrik Vangen, som jobbar med å overvaka sonaren og på dekk om bord på minesveiparen KNM «Otra».

Sidan byrjinga av februar har det norske skipet vore med i Nato sin ståande mineryddarstyrke (SNMCMG1). I løpet av toktet fann dei over 40 miner.

Grunna covid-19 har mannskapet ikkje fått lov til å forlata skipa sidan 15. mars. Det einaste unntaket har vore korte raster på avgrensa kaiområde.

Dei einaste stadane ein får vera åleine på skipet er på do eller i senga. Men toalettet er lite, og på lugaren ligg det gjerne tre-fire andre samstundes.

– Forholda våre har blitt testa litt, når me har måtta vera oppå kvarandre så mykje. Det er ikkje til å leggja skjul på at det har vore litt usemjer om bord. Men me har som regel greidd å løysa det, seier Vangen.

Menig Henrik Vangen viser fram senga si ombord i KNM Otra.

SENGESTREKK: Meinig Vangen har budd tett dei siste månadane. Vanlegvis er dei tre eller fire som søv i same lugar samtidig, medan dei andre går vakter.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Gledde seg til å gå i land i utlandet

Vanlegvis ville mannskapet om bord gledd seg til å få gå i land i hamner i området dei patruljerer. Men, fordi at dei er ein av Nato sine ståande styrkar, har dei ikkje kunna ta nokre sjansar.

Meinig Vangen var også med på mineryddarstyrken til Nato på førre tokt. Dei segla i Austersjøen, og fekk då gå i land i byar i Estland, Latvia, Litauen og Finland.

Å få besøka hamner i utlandet er ein stor motivasjon for mange.

– Me hadde jo gledd oss til å gå i land i London, Glasgow, og Kiel. I staden har me spelt FIFA og trent om bord. Det kan på ingen måte samanliknast, seier soldaten.

KNM Otra legg til kai på Haakonsvern.

TIL KAI: Mannskapet på KNM «Otra» legg til kai på Haakonsvern. Det tyske skipet FGS «Donau» i bakgrunnen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Auka moralen med 17. mai

Noreg stilte ikkje berre KNM «Otra» til den ståande mineryddarstyrken. Også styrkesjefen og dei fleste i staben hadde norske flagg på høgre skulder. Staben styrte dei fire skipa frå tyske FGS «Donau».

– Mannskapet fekk ein liten dupp i moralen når covid slo inn for fullt. Etter kvart blei dei stolte over at dei har klart å vera så lenge vekke, og moralen auka. Det var ein uventa effekt.

Det seier kommandørkaptein og styrkesjef Henning Knudsen-Hauge.

Han fortel at dei greidde å snu stemninga på skipa ved å halda motivasjonstale på video, å besøka dei andre skipa, eta om bord hjå kvarandre og ha tilstellingar der mannskapet fekk visa fram sitt land sin kultur.

– 17. mai-feiringa me hadde var ein skikkeleg motivasjonsboost på alle skipa. Då trakk dei tau, kasta piler og leika slik det er vanleg på 17. mai, seier Knudsen-Hauge.

No skal styrkesjefen heim og vera med familien. Heilt lei livet på sjøen er han likevel ikkje, etter nesten eit halvt år på havet.

– Ironisk nok ser eg fram til å setja min eigen båt på vatnet.

Tautrekking på 17. mai blant mannskapet i den norske mineryddarstyrken.

MORAL: Etter 17. mai-feiringa fekk mannskapet i styrken meir motivasjon. her trekk dei tau på eit lite avgrensa område av ein kai i Tallinn i Estland.

Foto: Marius Vågenes Villanger / Forsvaret