Hopp til innhold

No får Glenn (27) og andre menn sin eigen stad å snakke om kreft

Kreftforeningen startar opp med eigne samtalegrupper for menn med kreft. Elles kjem det nesten berre kvinner, forklarar dei.

Glenn Fletcher fekk hjernekreft som 17-åring. No er han frisk og engasjerer seg for at menn skal opne opp om kreft.

ENGASJERT: Glenn Fletcher fekk hjernekreft som 17-åring. No er han frisk og engasjerer seg for at menn skal opne opp om kreft. Det har nemleg vore til stor hjelp for han sjølv.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Eg følte eg var ganske åleine om det eg gjekk igjennom, seier Glenn Fletcher (27).

Han var 17 år då han fekk hjernekreft. Fletcher gjekk frå å vere ein frisk og aktiv ungdom på utveksling i Tyskland, til å vere så dårleg at foreldra måtte trille han inn i dusjen når han skulle vaska seg.

Gjennom arrangement og samtaler i regi Kreftforeningen har han fått god hjelp.

Men ikkje alle menn greier å prate om det som kan vere vondt og vanskeleg etter ein kreftdiagnose. Kreftforeningen ser nemleg at det nesten berre er damer som kjem til samlingane dei arrangerer.

Difor har dei for første gong laga ei rein mannegruppe for menn som har hatt, eller har, kreft.

NY GRUPPE: Glenn Fletcher(til venstre), Arvid Haukås og Hans Petter Isaksen(til høgre), har alle hatt kreft. No er dei med og leiar den første mannegruppa Kreftforeningen har starta opp. Håkon Larsson- Fedde(i blå jakke) jobbar i Kreftforeningen er med og organiserer gruppa.

NY GRUPPE: Glenn Fletcher (til venstre), Arvid Haukås og Hans Petter Isaksen (til høgre), har alle hatt kreft. No er dei med og leiar den første mannegruppa Kreftforeningen har starta opp. Håkon Larsson- Fedde (i blå jakke) jobbar i Kreftforeningen er med og organiserer gruppa.

Foto: Hilde Kleppestø / Kreftforeningen

– Fleire menn enn kvinner får kreft. Likevel er det langt færre menn som snakkar om sjukdomen, behandlinga og seinskadane. Vi fryktar at menn lir i det stille, seier Geir Vangsnes, som er distriktsleiar i Kreftforeningen.

– Veldig ærlege

Fletcher trur nokre av endringane som kan skje med mannekroppen, mellom anna endra seksualitet, kan vere vanskeleg å prate om når det er kvinner til stades.

Han leier den nystarta gruppa i lag med Hans Petter Isaksen og Arvid Haukås.

Under det første møtet i november, møtte 15 menn i ulike aldrar og med ulike diagnosar.

– Dei som var der var veldig ærlege om fysiske og psykiske utfordringar dei hadde møtt. Det var kjekt å høyre dei fortelje at dei fekk nye opplevingar og erfaringar etter samlinga. Allereie første gongen trefte vi på nytten av å dele erfaringar, seier Håkon Larsson–Fedde i Kreftforeningen.

1 av 3 får seinskadar

I fjor fekk 35.515 personar i Noreg kreft. Av desse var 19.223 menn og 16.292 kvinner.

Hos menn er dei vanlegaste kreftformene prostatakreft (27,4), lungekreft, (9,1) tjukktarmskreft (7,9), blære, nyrebekkens- og urinvegskreft (7) og hudkreft (6,8).

Årets tema for Kreftforeningen er «Menn snakk om det». Målet er at dei skal vere meir opne om sjukdomen, behandlinga, men også om seinskadane som kan kome i ettertid. 1 av 3 som har hatt kreft, får nemleg dette.

Glenn Fletcher fekk hjernekreft som 17-åring.

ALVORLEG SJUK: Det første varselet Glenn Fletcher fekk på at han var alvorleg sjuk, var då han fekk eit epileptisk anfall som 17-åring og vakna opp på eit sjukehus. Etter kvart fekk han lammingar i kroppen og sterk hovudverk. – Det gjekk lang tid før diagnosen kom, så eg var nesten litt letta då eg fekk vite kva som var gale. Like før 18-årsdagen sin blei hjernesvulsten operert ut.

Foto: Privat

For Glenn Fletcher kom seinskadane etter ein intens fireårsperiode med sjukdom.

– Eg kjente meg ikkje att i kroppen etter at behandlinga var over. Han kjentest framand for meg, seier Fletcher, som fekk problem med koordinasjon og balansen.

Kan takle sjukdommen på ein dårleg måte

Seinskadar kan variere ut frå kva krefttype og behandling du har vore gjennom.

Fatigue, som er kronisk utmatting, prikking i armar eller bein, samt at seksuallivet kan endre seg, er vanlege seinskadar.

Familieterapeut Mirjam Østevold jobbar med personar som har fått seinskadar gjennom Vardesenteret ved Haukeland universitetssjukehus.

– Vi ser at seinskadar generelt kan vere vanskelege å prate om for menn, seier ho.

Årsaka kan kanskje vere det tradisjonelle synet vi har på mannsrolla – at mannen skal vere den sterke som taklar det meste, meiner ho.

– Om ein ikkje greier å sette ord på eller forstår endringane ein kjenner på etter kreftbehandlinga, kan det gi seg utslag i irritasjon, sinne eller tilbaketrekking. Det kan vere vanskeleg for dei som er rundt vedkommande.

Østevold viser til ein rapport om temaet frå Reform-ressurssenter for menn og Oslo universitetssjukehus. Her kjem det mellom anna fram at menn bagatelliserer helseplagene sine og søkjer helsehjelp for seint. Rapporten tilrår eige tilbod som er tilpassa for menn.

Vil starte mannegrupper fleire stader

Kreftforeningen håper å starte opp eigne mannegrupper også i Oslo og i Trondheim etter kvart.

Forklarer «ræva bart»: – Virkelig opplevd tøffe tider

Attende i Bergen er Fletcher i dag frisk og har fullført ein bachelor i kriminologi og er godt i gang med å utdanne seg til psykolog.

– Eg trur det kan vere godt for andre å sjå at det finst håp, seier han.

Glenn Fredrik Fletcher

FRISK: Gjennom fire år gjekk Glenn Fletcher gjennom eit tøft løp med sjukdom. I dag er Oslo-mannen frisk og er i full gang med å utdanne seg til psykolog i Bergen. 27- åringen slit framleis med nokre seinskadar. Han vil at fleire menn snakkar opent om sjukdomen og om utfordringane det kan gi.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Dropper barten og ber menn bruke stemmen