Hopp til innhold

Stine (29) fekk orden på dei negative tankane med behandling på nett

– Det at eg berre kunne senda dei ein e-post, utan å gå gjennom fastlegen, var viktig for meg, seier Stine Hope Spjeld. No kan mange fleire få prøva behandlingsopplegget der pasienten kan vera heime.

Stine Hope Spjeld

GLAD FOR HJELP: Stine Hope Spjeld frå Bergen har lagt depresjonen bak seg, men brukar framleis teknikkane ho lærte i behandlingsopplegget eMeistring.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Helse Bergen var først ute med behandlingsopplegget eMeistring, mot angst og depresjon. Programmet går over 14 veker. Kontakten mellom terapeut og pasient skjer skriftleg via nettet, med kort responstid.

Helseregionane jobbar no med å etablere tilbodet også i resten av landet.

Ein av dei som har forsøkt behandlinga er 29 år gamle Stine Hope Spjeld frå Bergen.

– Det tok veldig lang tid før eg skjønte at eg var deprimert. Men no er eg glad for at eg bad om hjelp, seier ho.

Glad for kort ventetid

For fleire år sidan fekk Spjeld ein kronisk tarmsjukdom som utvikla seg til å bli veldig alvorleg. Etter kvart kom det fleire negative tankar enn ho greidde å takla.

– Eg opplevde at tankane endra seg, og at til dømes det å stå opp blei mykje tyngre enn det hadde vore før.

For Spjeld var det avgjerande med ein enkel og rask inngang til behandlinga.

– Det at eg berre kunne senda dei ein e-post, utan å gå gjennom fastlegen, var viktig for meg. Dei ringde meg tilbake dagen etter, og det tok mindre enn ei veke før eg var i gang med behandlinga, seier ho.

I løpet av september skal det bli endå enklare, ved at det kjem ei direktelenke på Helse Noreg.

Stine Hope Spjeld

FLEKSIBEL BEHANDLING: Stine Hope Spjeld seier det var bra at ho sjølv kunne velja tid og stad når ho skulle jobba med behandlinga.

Foto: Tora Kyllingstad / NRK

Utvidar i vest

Helse Bergen har no tilsett fleire terapeutar, og får dermed 40 prosent større kapasitet.

Samstundes blir tilbodet utvida til heile helseregionen.

– I løpet av hausten kjem tilbodet i alle delar av Helse Vest. Dei andre helseregionane jobbar også med tilsvarande planar, og målet er at heile befolkninga skal få tilgang til denne behandlinga, seier prosjektleiar for eMeistring i Helse Vest, Kristin Hogstad Bruvik.

Forskingsinstituttet Sintef gjekk i fjor gjennom fleire hundre vitskaplege artiklar, og konkluderte med at mange får god effekt av digital behandling.

Behandlingsmåten er godkjend i det statlege organet Beslutningsforum, blant anna med denne grunngjevinga:

«Pasienter kan foretrekke å kommunisere med terapeuten over internett i stedet for å være i samme rom. Det kan være gunstig for pasienten å slippe belastningen som reiser til terapeut kan innebære.»

e-Meistring ved Bjørgvin DPS

TERAPEUTAR PÅ NETT: Terapeutane held kontakten med pasientane frå dette rommet på Bjørgvin DPS på Tertnes.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Krev innsats og motivasjon

Tilbodet i Bergen har også gode resultat å visa til.

– To av tre pasientar som har gått gjennom behandlingsopplegget har fått det mykje betre, seier seksjonsleiar Kjersti Skare ved Bjørgvin DPS.

Ho understrekar at gode resultat er avhengig av motivasjon og innsats, fordi pasientane må lesa mykje tekst og levera inn heimeoppgåver.

Skare meiner tilbodet passar for mange, blant anna fordi ein kan velja sjølv kor tid på dagen ein vil jobba med behandlinga.

– Vi meiner det er eit godt tilbod, og vi ønskjer å nå ut til flest mogleg, seier Skare.

Kjersti Skare

PASSAR FOR MANGE: Seksjonsleiar Kjersti Skare ved Bjørgvin DPS seier dei som får behandling kan velja sjølv kor tid på dagen dei vil jobba med oppgåvene. I tillegg kan dei vera heime når dei får behandling.

Foto: Åge Algerøy / NRK

«Brevven» for pasientane

Reidar Nævdal er psykolog og fagansvarleg, og jobbar sjølv med pasientar som gjennomgår eMeistring.

– Vi møter pasientane i starten og slutten av behandlinga. Undervegs er det stort sett skriftleg kontakt. Vi blir ein slags brevvener, seier Nævdal.

Den tidlegare pasienten Stine Hope Spjeld seier ho framleis brukar teknikkane ho lærte då ho fekk behandling. Blant anna kan ho ta kontroll på negative tankar, når dei dukkar opp.

– Eg har det bra i dag, og føler at eg har god psykisk helse. Men etter behandlinga har eg lært korleis eg kan flytta fokus vekk frå negative tankar. Då kan eg heller halda fram med det eg driv på med, seier ho.