No er Naustdalsulven også observert i Hyen

Ein ulv vart måndag kveld observert i Hyen. – Det har vel berre vore eit tidsspørsmål før også vi fekk besøk, seier Nils Magne Gjengedal i Hyen bondelag.

Ulv eller hund

NAUSTDALSULVEN: Eit viltkamera i Naustdal sikra bilete av denne ulven tidlegare i haust. No er ulven truleg observert i Hyen.

Foto: Ann Elen Endestad

Ulven har sidan i sommar vore sett fleire stader i Naustdal og Førde-området.

NRK kjenner til at fleire jegerar no er ute for å sjå etter ulven som vart observert i Hyen.

– Det kan godt vere same ulven som no er sett i Gloppen, seier rovviltkontakt Rein Arne Golf.

Kryssa vegen

Golf presiserer at dei ikkje kan stadfeste at det verkeleg er ein ulv som måndag kveld kryssa vegen like framfor ein bil mellom Aa og Ommedal.

Etter det NRK kjenner til skal det tidlegare i haust vore funne sauekadaver i fjellet rundt Hyen.

– Hyen vil vere eit område som ein ikkje kan utelate at ulven i Naustdal kan vere i. Det er korte avstandar i fjellet over der, så ein må rekne med at ulven som er observert i Naustdal også kan dukke opp der, seier han.

– Uroa og spente

Nils Magne Gjengedal i Hyen bondelag seier det har vore ei spennande tid for bøndene etter at dei første meldingane om ulv og kadaver byrja å dukke opp i Naustdal.

Mellom anna beiter villreinstammen i Førdefjella i området.

– Vi har vore veldig uroa og spente, men har til no ikkje hatt tapstal som avvik frå normalen. Vi har tenkt at det var eit tidsspørsmål før vi fekk gråbein på besøk, seier han.

Har sendt åtte prøvar

Golf seier dei har fått inn ein del meldingar om observasjonar, og at det er sendt inn prøvar som viser at det truleg berre er snakk om ein ung hannulv som er på ferde i området.

Dei siste observasjonane kom frå Førdesnipa i Førde og Kalland i Naustdal i helga.

– Vi har sendt inn åtte prøvar. Tre av dei viser at det er snakk om ulv, ein hannulv som er komen frå Sverige. To prøvar synte seg å vere raudrev, og to prøver vi ikkje klarer å hente DNA frå. Den siste slo svakt ut på ulv, men det kan også vere snakk om hund, seier Golf.

– Det er vel ein fordel at det no byrjar å leggje seg snø?

– Då vil det vere lettare å spore og lettare å kunne seie sikkert om prøvane som er samla inn kjem frå prøvar eller ikkje.

Tysdag kveld blei ulvejakta i Hyen vart i går avslutta utan resultat. 12 jegerar jakta på ulven, men trass i snø så ikkje jegerane spor etter ulven.