Hopp til innhold

Lei av høge rekningar? No er straumprisane «friskmelde» igjen

Sprengkulden dei siste vekene har sendt straumprisane til himmels. No kan kundane sjå fram mot rekningar som er snillare mot lommeboka.

Kraftgaten gjennom Nordmarka, nord for Ullevålseter

BILLEGARE: No kan forbrukarar landet over sjå fram til lågare straumrekningar.

Foto: Sissel Riibe

Dersom du er lei av å betale mykje for straumen, har Ole Marius Gloppestad ei gladmelding å kome med:

– No kjem vi til å ligge på 25 til 30 øre per kilowattime, som er normalt for denne perioden. Dei fleste vil nok merke dette på lommeboka, slår Gloppestad fast.

Han er kraftanalytikar hos Sogn og Fjordane Energi.

Ferske tal frå kraftbørsen Nord Pool viser at prisane er låge landet over – og truleg held seg låge i vekene framover.

Ole Marius Gloppestad, kraftanalytikar hos Sogn og Fjordane Energi

HALVPARTEN: – Det vi ser i marknaden no er at det er venta om lag halv kraftpris, samanlikna med det vi såg i vinter, seier Ole Marius Gloppestad, kraftanalytikar hos Sogn og Fjordane Energi

Foto: Steinar Lote / NRK

Spådde prisfall

Store mengder nedbør bidrog til at prisen gjennom heile 2020 var rekordlåg, med ein snittpris på 10 øre per kilowattime.

Overgangen til januar vart derfor brå, med skyhøge prisar som følgje av sprengkulde og klarvêr.

Då trøysta handelssjef Bengt Haugnes i SFE med at det truleg ikkje ville vare lenge.

– Får vi ein våt vinter kan prisen falle litt. Slik marknaden er no ventar vi ein årspris i 2021 på i underkant av 30 øre, kanskje også ned mot 25 øre, seier han.

Februar månad starta med ei femdobling av straumprisane då dei hoppa frå 50 øre til 2,60 kroner.

Dei heldt seg høge, og fleire var bekymra for konsekvensane det ville ha for dei med låg inntekt – særleg minstepensjonistane.

Men no ser det ut som at Haugnes likevel fekk rett, og at ein ikkje lenger treng å uroe seg.

– Det vi ser i marknaden no er at det er venta om lag halv kraftpris, samanlikna med det vi såg i vinter. Det blir betydeleg lågare straumpris framover enn det som har vore til no, seier Gloppestad.

Ifølgje han er det også godt med vatn i magasina.

– Når vi sumerar opp snøen i fjella og det som ligg i magasina ligg vi litt over normalen, seier han.

Håpar på mildvêr

På Sandane merkar Trucknor stor skilnad på straumrekninga. Som forhandlarar av bilar og lastebilar må dei varme opp lokale på fleire tusen kvadratmeter.

– Vi brukar 16 kilowatt til oppvarming på personbilverkstaden, og 32 kilowatt på lastebilverkstaden, seier Bodvar Årskog, driftsleiar i Trucknor.

Jo Inge Solberg er dagleg leiar hos Frydenbø Sandane. Han fortel at dei merkar prisendringane.

– Når det er så mange kilowatt inne i bildet så merkar vi ganske stor forskjell. For oss er det derfor gunstig med høge temperaturar i februar og mars, seier han.

Bodvar Årskog, driftsleiar i Trucknor.
Jo Inge Solberg er dagleg leiar hos Frydenbø Sandane

STORE LOKALE: Jo Inge Solberg er dagleg leiar hos Frydenbø Sandane, og Bodvar Årskog, driftsleiar i Trucknor.

Foto: Steinar Lote / NRK

Og for dei som hadde håpa at vinteren ville vare ser det dårleg ut.

– Det kan framleis bli kjøligare i mars månad, men snart er nok vinteren over, seier kraftanalytikaren.