– Vi må anta at det er ukjent smitte i Sunnfjord og i andre delar av landet, seier Øystein Furnes, kommunelege i Sunnfjord.
Kommunen har fått påvist tre nye tilfelle av covid-19. 60 personar er i karantene.
Det siste døgnet er det meldt om 825 nye koronatilfelle i Noreg. For to dagar sidan blei det sett ny smitterekord i Noreg, med 930 nye smittetilfelle.
– Vi reknar med at stigninga i smittetala nasjonalt gjennom jula, og også den noko brattare stigninga etter jul og nyttår har samanheng med at fleire har treft kvarandre gjennom julehøgtida og nyttårshelga, opplyser avdelingsdirektør Line Vold ved Folkehelseinstituttet til NRK.
At fleire også har reist både innanlands og utanlands speler også inn, seier Vold.
Ustabil situasjon
Frå veke 52 til 53 auka dei nasjonale smittetala med 16 prosent. FHI såg også litt nedgang i testaktiviteten og ein auke i delen av dei testa som hadde positive prøver, frå 2 prosent i veke 52 til 3,6 prosent i veke 53.
– Samla sett vurderer vi at situasjonen er ustabil, og med aukande smittespreiing siste veker, uttaler Vold.
I nordfjordkommunen Stryn var det ingen smittetilfelle i desember. No er det meldt om nye smitta for tredje dag på rad.
– Dei som testar positivt og ikkje har sikre nærkontaktar, blir overraska. Mange av dei har eit lett symptombilete når dei tek ein test, seier kommunelege Marius Solbakken.
Han rår no folk til å teste seg tidleg ved luftvegssymptom.
– Eg trur alle nok fekk ei lita realitetsorientering då ein såg smittetala som kom etter nyttår. For oss smittevernlegar har det ikkje vore ei overrasking, seier Solbakken.
– Det er viktig å ha låg terskel for å teste seg inn i 2021.
Høgare R-tal i Bergen
Helse Bergen melder at R-talet har auka frå 0,7 til 1 sidan tysdag. Dette betyr ei kraftigare spreiing av koronaviruset enn førre veke.
I Sandnes kommune vart det påvist 23 nye tilfelle i går, det nest høgaste talet under pandemien. I Trondheim og Stavanger har vekesnittet gått nedover, opplyser NTB.
Alle dei tre nye smittetilfella i Sunnfjord kan knytast til jule- og nyttårsfeiringar. Kommunelegen trur kommunen kan vente fleire smittetilfelle etter nyttår.
– Alt taler for at tilfella vi har no, er under kontroll. Men det viser kor viktig det er å teste seg ved symptom og at ein følgjer råda som er gitt frå kommunar og regjeringa, seier Furnes.