Hopp til innhold

No skal fleire hundre tonn av desse raude freistingane ut i butikkane

LÆRDAL (NRK): Gløym jordbærsesongen, no er det dei søte morellane som skal freiste norske kundar. Berre frå Lærdal blir det plukka 230 tonn dei komande vekene.

Per Hjerman og moreller

SØTE OG FRISKE: Det fine vêret har ført til god kvalitet på bæra, seier Per Hjermann.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Etter ein vår og tidleg sommar med mykje fint vêr har morellsesongen starta tidlegare enn vanleg. Bonde Per Hjermann i Lærdal fortel at vêret også fører til søte og gode bær.

– I år har kvaliteten vorte ekstremt god. Det har vore sol heilt sidan blomstring. Bæra er enda betre enn dei brukar å vere, dei er søte og friske, seier han.

At sesongen har starta tidleg har også skapt visse utfordringar for bonden. Dei 12 plukkarane som no er i sving på garden er færre enn vanleg.

– Det er nesten 14 dagar tidlegare enn vanleg, og då vert det ei utfordring å få nok plukkarar så tidleg, fortel Hjermann.

Det fine vêret gjer ifølgje Hjermann også at etterspurnaden etter bæra vert større.

– Når det er fint vêr er det alltid stor etterspurnad etter morellar, og i år er den ekstra stor.

Morellplukking Lærdal

I GANG MED PLUKKING: Det skal framleis kome fleire plukkarar til garden til Per Hjermann, men dei som er der er godt i gang med plukkinga.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Tørka er ikkje eit problem

Morellane i Lærdal vert dyrka under tak. Sjølv om dette kanskje ikkje hadde vore nødvendig i år, var ikkje dette noko Hjermann kunne vete då taket vart sett opp i april.

– Om det regnar går det dårleg med morellane, men i år har det jo ikkje regna, så eg kunne faktisk ha dyrka dei utan tak, seier han.

Tørke skapar problem for bønder fleire stadar i landet. For Hjermann har ikkje dette vore ei utfordring enda.

– I Lærdal har vi vatn, og alle har vatningsanlegg. No held det på å verte litt tørt i kjelda mi, men eg har skaffa meg ei pumpe, så eg skal nok klare å halde meg med vatn.

– Mykje morellar på trea

Hos Lærdal Grønt vert morellane oppbevara kaldt etter dei kjem inn frå bøndene. Harald Mundal fortel at dette er nødvendig for å halde på kvaliteten.

– Morellane må ha det kaldt om dei skal halde seg i butikkane, så vi må ha rommet på rundt to grader, seier han.

Harald Mundal

KLAR FOR SESONGEN: Harald Mundal hos Lærdal Grønt ventar å vere i full sving med pakking av morellar i løpet av neste veke.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Kva den tidlege sesongstarten har hatt å seie for kvaliteten på bæra er ifølgje Mundal framleis tidleg å seie.

– No har vi berre begynt med det aller tidlegaste sortane, og der er det kanskje litt fleire små morellar enn vanleg. Det ser veldig bra ut for dei seinare sortane, med mykje morellar på trea.

I likskap med Hjermann har heller ikkje Mundal fått på plass alle arbeidarane sine til starten på sesongen. Han trur likevel dei skal klare seg greitt.

– Vi har ikkje fått på plass alle enda, men vi trur vi skal klare oss i starten med dei som har kome. Det er ikkje så store volum akkurat no, men vi håpar vi skal få på plass resten før det store trykket kjem.