Hopp til innhold

Ti nye artistnamn kompletterer festivalplakaten

Med 22 artistnamn på plakaten, seier gjengen bak Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid seg nøgde med årets program.

Malakoff

KOMPLETT: Malakoff Rockfestival har komplettert artistlista si.

Foto: Øystein Torheim

Bernhoft, Timbuktu, Highasakite og Sigrid Moldestad er mellom dei ti siste namna som kompletterer artistlista til årets festival.

Dermed står den årvisse festivalen med i alt 22 nasjonale og internasjonale artistar.

– Det absolutt sterkaste og mest spennande artistprogrammet i Malakoff si historie, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Festivaleventyr

Morten Flydahl frir til Sofie Gyldenås Olsen under Malakoff

FRIDDE: Det var ikkje berre musikalske høgdepunkt under fjorårets festival. Her frir Morten Flydahl til Sofie Gyldenås Olsen midt under konserten med CC Cowboys.

Foto: Skjermdump frå Youtube

Festivalen i Eid har hatt ein eventyrleg utvikling sidan oppstarten med 650 publikumarar i 2003. Då Morten Flydahl fridde til sin Sofie Gyldenås Olsen under festivalen i fjor, var over 20.000 innom portane.

Festivalen fekk i fjor også kulturprisen i Sogn og Fjordane .

Med Opeth, Sivert Høyem, Oslo Ess og humorduoen Ylvis på plakaten i år, kan det bli ei ny god festivalhelg i år.

– Vi gler oss stort til å synge med på låtar som «I kjempeform», «Jan Egeland» og – ja – «The Fox», seier Naustdal.

NRK Sommarlutt

Årets festival går av stabelen 17. til 19. juli. I samband med festivalen arrangerer også NRK Sommarlutt frå festivalområdet. Dette blir ein gratiskonsert med Tripod, b0ka, Line, Odd Erik Lothe, Arnt Herman Hagen, Silje Søgnesand og Håvard Endal.

P3 sin populære førdianar, Ronny Brede Aase, skal lose publikum gjennom Sommarlutt.

– Tre av artistane har vi også plukka ut som ein del av demokonkurransen vår. Desse kjempar om eit stipend på 15.000 kroner frå Sparebanken Vest for beste framferd under NRK Sommarlutt, fortel prosjektleiar og produsent Stian Sjursen Takle.