Hopp til innhold

Stor skogbrannfare i heile Sør-Noreg

Det er stor gras- og lyngbrannfare etter mange dagar med opphaldsvêr og sol. – Mykje død vegetasjon er lettenneleg, åtvarar statsmeteorolog.

Lyngbrann

FARE FOR GRAS- OG LYNGBRANN: Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om lokal lyng- og grasbrannfare i Sør-Noreg.

Foto: Erik Waage / NRK

– På vårparten er det mykje tørt gras, lyng og vegetasjon, og det er ganske brannfarleg materiale. Mykje fint vêr og litt vind gjer at det no er fare for gras-, lyng- og skogbrann, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Varselet gjeld for område i Sør-Noreg til det kjem nedbør av betydning.

– Varselet vil nok gjelde fram til helga, så får vi sjå kor mykje nedbør som kjem då.

Laster Twitter-innhold

Generelt bålforbod frå 15. april

Fagerlid seier det generelle varselet om gras- og lyngbrannfare kjem i overgangen etter at snøen har forsvunne, men før vegetasjon har vorte grøn.

– Då er det mykje død vegetasjon som er lettenneleg. Med ein gong det blir grønt i graset, er den faren redusert betrakteleg, seier han.

Geir Ottar Fagerlid

SKOGBRANNFARE: Gras- og lyngbrannfaren gjeld i første omgang fram til helga, fortel statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Frå 15. april til 15. september gjeld eit generelt bålforbod i skog og anna utmark.

– Eg har inntrykk av at folk er forsiktige. Alle må vere forsiktige med å opne eld i terrenget no, seier Fagerlid.

Ber folk vere forsiktige med bråtebrenning

Ein del driv og også bråtebrenning om våren. Det meiner brannsjefen i Gloppen folk bør vere forsiktig med desse dagar.

– Eg meiner det er ein uting akkurat no. I utmark er det ikkje lov, i innmark har du ikkje direkte bålforbod, men du bør tenke på brannfaren, seier Runar Kleppe.

Med litt vind og tørr vegetasjon kan eit slikt bål no fort kome ut av kontroll, seier brannsjefen.

Brannsjef i Gloppen Runar Kleppe

VIS VARSEMD: Brannsjef Runar Kleppe ber folk vere forsiktige med eld. – Om våren blir det fort tørt og det er mykje gammalt gras som kan ta fyr, seier Kleppe.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det har også med helse å gjere. Fyrer du opp eit bål, blir det gjerne mykje røyk, og det er ikkje bra for dei med astma og allergi.

Har ansvar for tryggleik

Heller ikkje mindre bål til kaffikoking og pølsegrilling er risikofritt, minner Kleppe om.

– Pass på ikkje gå ifrå før det er hundre prosent sløkt. Eingongsgrillar vil eg ikkje anbefale.

Også forsikringsselskapet Frende ber folk om å vise varsemd når det kjem til bruk av eld.

– Kombinasjonen varmt vêr og glede over ei forsiktig gjenopning av samfunnet, må ikkje gå for langt. Vær forsiktig med bruk av eingongsgrillar, sigarettsneipar og annan eld, seier brannekspert i Frende Forsikring, Øystein Øren i ei pressemelding.