No er det gode tider for skogeigarane

SANDANE (NRK): Det går unna i den norske skognæringa. Ikkje sidan 2008 har prisane vore like høge som i dag.

Kurt Fossheim

GODE TIDER: – Hogstgjengen frå Vestskog reiser med kring 1.500 kubikkmeter gran, men eg må ha att 200–300 kubikk skog som eg tek sjølv, seier Kurt Fossheim.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Kjell Magne Åshamar

EFFEKTIVT: Kjell Magne Åshamar i Vestskog seier effektivisering og rasjonalisering gjer at skogen er blitt gode pengar. – Vi har nådd eit nivå der det blir bra att til både dei som gjer arbeidet og dei som eig skogen, seier han.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– No er det interessant. No blir det pengar av det, smiler skogbruksleiar Kjell Magne Åshamar i samvirket Vestskog.

50 prosent på to år

Han er på Sandane i Gloppen der entreprenørar no er i full gang med å kappe ned kring 1.500 kubikkmeter gran hos skogeigar Kurt Fossheim. For det er stor aktivitet og gode tider for norske skogeigarar.

Berre siste to åra har tømmerverdien auka kring 50 prosent. Ifølgje Landbruksdirektoratet var snittprisen for tømmer 426 kroner per kubikkmeter.

Tømmerprisane er rekordhøge. Ikkje sidan 2008 har det vore like gode prisar som i dag. Det merkast for skogeigar Kurt Fossheim i Gloppen.

SJÅ TV-SAK: Tømmerprisane er rekordhøge. Det merkast for skogeigar Kurt Fossheim i Gloppen. (FOTO/REDIGERING: SONDRE DALAKER/NRK)

Åshamar må 30 år tilbake i tid for å finne sist han opplevde så god lønsemd. 2018 kan bli eit rekordår for næringa.

Kurt Fossheim

GÅR UNNA: – Tidlegare har skogen berre stått og ingen som ville ha den. No går den som varmt kveitebrød, seier Kurt Fossheim.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Midt på 80-talet var det kanskje lik bra og så i gamle dagar når ein dreiv med hest. Då også kunne det vere bra økonomi av mykje god skog, seier han.

– No er det kjekt

– Driftskostnadane har ikkje stige så mykje, medan prisane har gått kraftig opp. No er det kjekt å vere skogeigar, legg Åshamar til.

Gleda deler skogeigarane over det ganske land. For sjølv om den ekstreme tørken gjorde at aktiviteten var lav, ligg avverkinga så langt på same nivå som i fjor.

Stor aktivitet i skogen hos Kurt Fossheim

AKTIVITET: Det er stor aktivitet i skogen til Kurt Fossheim på Sandane. – For få år sidan måtte du mest hogge det opp til ved sjølv, seier han.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Berre tredje kvartal i år vart det avverka 2,4 millionar kubikkmeter industrivyrke for sal. Dette utgjer verdiar for kring ein milliard kroner.

– Er det skog som skal hoggast, så er dette rette tida. Utlandet tek imot utruleg dårleg kvalitet i høve til det vi hadde krav om før i tida. No kan ein levere kvist, stygge føre eller gran til god pris, seier Fossheim.

Har satsa rett

Styreleiar i Noregs skogeigarforbund, Olav A. Veum, seier klimafokuset er klimafokus er ei av årsakene til utviklinga. Han trur situasjonen vil halde seg, om ikkje auke på.

– Det er gledeleg at skogen si rolle i klimasamanheng er med å skape ein betre marknad, slik vi ser innan bruk av tre i bygg og for bioenergi, seier Veum.

Bård Hoksrud

SATSING: Landbruks- og matminister, Bård Hoksrud (Frp) meiner oppsvinget for skogsnæringa viser at politikken til regjeringa fungerer.

Foto: Marit Langseth

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud (Frp) meiner satsinga til regjeringa har hatt effekt.

– Regjeringa har brukt mykje pengar frå 2014 til no på vegar og tømmerkaier langs kysten vår. Det har vore viktig for næringa for å kunne eksportere tømmer, seier han.

64 millionar til kaier

Kurt Fossheim likar seg i skogen

SOSIALT: For Kurt Fossheim (t.h.) er det gode tider i dobbel forstand som godeigar. – Eg likar meg i skogen og det er ekstra pluss når du får betalt for det, seier han.

Foto: Benedikte Grov / NRK

I Vestskog er Åshamar klar på at tømmerkaier er viktige får at skogen til dømes skal bli til papir, sagtømmer eller konstruksjonsvirke. Berre i år har regjeringa løyvd 64 millionar kroner til utvikling av åtte tømmerkaier langs kysten.

– Det meste av god kvalitet går til eksport. Då må du på båt, seier Åshamar og ser lyst på framtida.

– Eg trur skogen blir ein stor del av framtida.