No er den første nysnøen komen

Fleire vaknar opp til eit lite melisdryss på fjelltoppane i dag. Meteorologane åtvara før helga om at snøen kunne leggje seg ned mot 1200 meter i fjellet, og at vinterdekk difor var å anbefale. Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen seier laurdag morgon at det er meldt om bar og våt vegbane på fjellovergangane inn og ut av fylket.

Nysnø i Breimsfjella 26. september 2015
Foto: Eva Marie Felde / NRK