Hopp til innhold

Polske arbeidarar pakkar og reiser heim frå Noreg

Både industri og byggjenæring opplever tørke i arbeidskraft frå Aust-Europa. Det er ikkje berre grunna pandemien, fortel den polske røyrleggjaren Wojciech Persinski.

Wojciech Persinski, leiar av den polske foreninga.

RØYRLEGGJAR: Wojciech Persinski er røyrleggjar. Han fortel at etterspurnaden etter fagfolk er stor, og at mange får jobbtilbod frå selskap i Noreg. Men mange vel heller å reisa tilbake til Polen.

Foto: Privat

– Eg kjenner mange som har slutta i Noreg og heller fått jobb i Polen eller Tyskland. Der er lønene betre enn før, og då vel folk å heller jobba der i staden for i Noreg, seier Wojciech Persinski.

Han har jobba i Noreg sidan 2011.

Han er leiar av den polske foreininga i Noreg, og merkar tendensen klart:

Noreg vert mindre og mindre attraktivt for folk frå Polen.

Det starta for nokre år sidan, og koronaen har forsterka trenden. Både bransjeorganisasjonar og forskarar peikar at nedgangen er stor, og at det skapar utfordringar i mange bransjar.

– Å jobba i eit anna land er utfordrande. Både på grunn av kulturen, men også grunna språk, seier Persinski.

Kvinne ser i kamera og smiler

IKKJE SÅ POPULÆRT: Paulina Olbryś har budd i Noreg i over 10 år. Men no er det ikkje like attraktivt for polske statsborgarar å komma hit for å jobba, seier ho.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Mindre populært

NRK har vore i kontakt med fleire arbeidsgjevarar som stadfester det same som Persinski.

– Det er spesielt faglært arbeidskraft frå Polen som er vanskeleg å få tak i, seier Jan Helge Vassnes i Vassnes Solutions, som held til i Vindafjord kommune i Rogaland.

Han har 160 fast tilsette i sitt firma, som opphavleg kjem frå Polen.

Paulina Olbryś har i mange år hjelpt polske arbeidsinnvandrarar i Rogaland og Vestland med søknader til det offentlege Noreg.

– Eg ser at Noreg ikkje er like populært no som det var for 10–12 år sidan, då eg og mange av mine polske vener kom til Noreg, seier ho.

Yara Porsgrunn med amoniakkfabrikken

VIL FÅ UTFORDRINGAR: Både industri og byggjenæring vil få store utfordringar i åra framover, meiner forskar. Her frå Herøya i Porsgrunn.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Tek grep i Polen

Sidan 2004 har talet på arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa til Noreg og resten av Vest-Europa auka kraftig. Dette har ført til tørke av fagfolk i land som Polen, noko dei no har teke konsekvensane av.

Ifølgje ein FAFO-rapport har både utdanning og lærlingprogram i byggjebransjen i Polen fått eit oppsving dei siste åra.

Jørgen Leegaard, direktør for samfunnspolitikk i Byggenæringens Landsforening, får tilbakemeldingar om at færre frå Aust-Europa vil til Noreg.

– Det går betre i mange andre land i Europa om dagen. Då vel mange frå Aust-Europa arbeid i heimlandet i staden for langt vekke i Noreg, seier han.

Jørgen Leegaard

FÆRRE PROSJEKT: Jørgen Leegaard i Byggenæringens Landsforening fryktar fleire prosjekt ikkje blir gjennomført etter planen om tilgangen på arbeidskraft vert dårlegare.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Leegaard fryktar at dette kan gå utover mange byggjeprosjekt i åra framover. Og trur at bygginga av offentlege bygg som skular og sjukehus også vil verta råka.

Forskar: – Bra for arbeidstakarane

Direktør for Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, seier det same som Leegaard.

– Dei siste åra har lønene stige mykje i land me tidlegare har henta arbeidskraft frå. Då ynskjer mange å heller å jobba i heimlandet, i staden for å reisa til Noreg, seier han.

Jon Erik Dølvik i Fafo har forska på arbeidsinnvandring i mange år. Han meiner det som skjer no er bra for arbeidstakarane.

– Eg trur me går inn i ein fase der det er seljar sin marknad på arbeidsmarknaden i Europa. Det er bra, for me har hatt ein periode der arbeidskraft har vore falbydd til ekstremt låge kostnadar under ekstremt dårlege vilkår. Så det er på høg tid at arbeidstakar sin stilling vert styrkt, seier Dølvik.

Stein Lier Hansen

KOSTAR MEIR: Stein Lier-Hansen i Norsk Industri er førebudd på å betala meir for arbeidskrafta i åra framover. Samstundes meiner han ungdom i Noreg må satsa meir på industrifag.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Kan enda opp som Kuwait

Forskaren meiner både vilkår og løner må verta betre om Noreg skal lukkast med å få tak i folk i konkurranse med andre europeiske land. Og at dette er ein ny situasjon for Noreg.

– I bakrusen etter utvidinga austover, må me ta inn over oss dette. No må me tenkja yrkesopplæring, omskolering, og langsiktig strategiar for å sikra eigen forsyning av arbeidskraft slik at me ikkje endar opp i ein Kuwait-situasjon, der tilgangen på arbeidskraft er avhengig av internasjonale konjunkturar, meiner forskaren.

Stein Lier-Hansen i Norsk Industri er førebudd på å betala meir for arbeidskrafta.

– Me kjem også til å jobba mykje for å motivera ungdom til å ta fagbrev i industrien, slik at me har ein større base med industriarbeidarar i Noreg, seier han.