Hopp til innhold

No blir det sirkus på skulane

Det blir sirkus i skulen i Sogn og Fjordane til hausten. Tidlegare sirkusdirektør Jan-Ketil Smørdal lovar å vise fram gamle balansekunster.

Jan Ketil Smørdal

SKULESEKKEN: Jan-Ketil Smørdal har sjølv vore både linedansar, sjonglør og sirkusdirektør. No skal han reise rundt på skulane og fortelje si historie.

Foto: Larsen, Annemor / VG

– Eg har lagt meg i hardtrening, så eg skal iallfall vise nokre kunster frå mine glansdagar, flirer nordfjordingen.

Smørdal har ein lang karriere bak seg i sirkusverda, og no vil han gje skulebarn over heile fylket eit innblikk denne verda.

– Vi gler oss veldig

Etter å ha prøvd i fleire år har han no kome med i den kulturelle skulesekken. Det er ei nasjonal satsing som skal bidra til at barn frå 6 til 19 år får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag.

I år er det totalt 30 ulike tilbod i den kulturelle skulesekken her i fylket, og Smørdal er over seg av begeistring for å få vere eit av dei.

– Vi gler oss veldig, og dette tek vi veldig på alvor, seier han til NRK.no.

Les meir om innslaga i den kulturelle skulesekken her.

– I fyr og flamme

Jan-Ketil Smørdal bikkar 50 år neste år, og starta allereie i 1989 opp sitt eige sirkus, Cirkus Agora. Med det reiste han landet rundt og heldt framsyningar, sjølv har han opptredd som både linedansar og sjonglør.

Smørdal var også ein av initiativtakarane til sirkusutdanninga ved Fjordane folkehøgskule, og meiner det er viktig at både barn og unge får utfalde seg og prøve kva dei kan gjere med eigen kropp.

I vinter fekk han i stand ein sirkusskule for born på Vesterland på Kaupanger, og det var slik han til slutt greidde målbinde fylkeskommunen.

– Eg har søkt i mange år for å kome i under den kulturelle skulesekken, men eg har ikkje kome gjennom nålauge. I vinter hadde vi ei samling på Kaupanger, og i det høve inviterte eg Øyvind Høstaker (koordinator for den kulturelle skulesekken, journ. anm.), og han kom.

– Seinare hadde vi ei førestilling på Slåtten skule i Førde, og då vart representantane frå fylkeskommunen i fyr og flamme. Elevane også, seier Smørdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sirkusskule på Vesterland

SIRKUSSKULE: I vinter hadde Jan-Ketil Smørdal sirkusskule på Kaupanger. Her frå framsyninga som barna sette opp på slutten av samlinga.

Foto: Christian Blom

Tek med seg sykkelakrobat på rundreisa

Førestillinga er det han og sjonglør Malte Knapp som står for.

– Knapp er først og fremst ein sykkelakrobat, men han har vidareutvikla nummeret med forskjellige andre stung, balansering, spikarmatte, fakir og den slags, røper Smørdal.

Rundt om kring i fylket vil gymsalar og andre forsamlingsrom bli forvandla, med både kulisser, scene, musikk og lyd, seier Smørdal.

– Og så skal eg fortelje historia om korleis eg starta mi sirkuskarriere, og seinare vart direktør for Cirkus Agora.

Og ja, den gamle sjongløren og linedansaren skal også i manesjen.

– Det høyrer med, flirer han.

– Artisteri og historieformidling

Øyvind Høstaker som er koordinator for den kulturelle skulesekken er svært godt nøgd med å få Jan-Ketil Smørdal med på laget. Han er trygg på at både små og store vil la seg fange av framsyninga.

– Dette er artisteri på høgt plan. Sjongløren som han har med seg kan imponere kven det skulle vere. Dette er veldig god underhaldning, det er godt sirkus, og det er ei veldig spennande historie som er synest er viktig at vi formidlar, seier Høstaker.

Han meiner det er viktig at barn og unge i fylket får høyre om den spennande historia. For det er slett ikkje alle fylke som kan skryte over å ha hatt eit eige sirkus.

– Eg synest det er veldig viktig at vi får med dette. Det er mange som ikkje kjenner denne historia, så det er også litt historieformidling, seier Høstaker til NRK.no.

Håpar å kunne gjere det på landsplan

Men i eit samfunn der barn og unge brukar stadig meir tid framfor TV og datamaskin, kor lett blir det då å halde på merksemda deira?

– Eg har ein god del erfaring fordi eg har vore på skular og laga sirkus tidlegare, så det er eg glad for.

– Førestillinga vår er skreddarsydd til dette, og vi har til og med ei lirekasse som vi skal ønskje publikum velkommen med og eigen sirkusbil. Så dette blir som i gamle dagar, når sirkuset kom til by og bygd, seier Smørdal.

Og etter endeleg å ha fått innpass i den lokale utgåva av den kulturelle skulesekken, satsar Smørdal hakket høgare.

– Vi håpar at vi skal gjere så bra inntrykk at vi kan gjere dette på landsbasis, seier han.