Hopp til innhold

No blir det sett i gong ny leiting etter Ingar som forsvann i 2019

Ingar Sægrov (55) blei offer for ekstremvêret som råka Jølster i 2019. No blir det gjort eit nytt, stort forsøk på å finne han i det djupe Jølstravatnet.

Ingar Sægrov (innfelt) omkom i raset ved Jølstravatnet.

MISTA LIVET: Ingar Sægrov omkom då bilen han køyrde blei tatt av eit stein- og jordras på sørsida av Jølstravatnet.

Foto: privat / arkiv

  • Det er førebels ikkje gjort funn, men Sogn og Fjordane Røde Kors opplyser lørdag kveld at rov-søket vil halde fram søndag.
  • Lørdag kveld skal Røde Kors analysere data som er henta inn i løpet av dagen.

30. juli 2019 vil for alltid vere ein merkedag i historia til naturperla Jølster i Sogn og Fjordane.

Eit uventa og ekstremt uvêr med enorme mengder nedbør råka bygdene rundt vatnet og førte til skred og flaumar.

Men for éin blei dagen skjebnesvanger. Ingar Sægrov sin bil blei treft av eit ras på sørsida av Jølstravatnet. Bilen blei ført ut på djupt vatn og Sægrov omkom.

Det har vore gjort fleire forsøk på å finne familiemannen, men ingen har hittil funne han.

Vonar å gje eit svar

No har Røde Kors bestemt seg for å gjere eit nytt, omfattande søk i vatnet. Søket vil gå føre seg frå 13. til 16. mai.

I utgangspunktet leitar dei først etter bilen han sat i då raset skjedde.

– Vårt håp er å kunne gje dei pårørande eit svar. Vi har utstyr til å gjennomføre søket, og difor ønskjer vi å prøve, seier Espen Rysjedal.

Han er fagleiar for sjøredning i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps.

Søket kjem etter eit initiativ frå Sandefjord Røde Kors Hjelpekorps. Som einaste Røde Kors-foreining i landet har dei ein såkalla slepesonar.

Denne sonaren er spesialbygd for å finne kroppar i vatn.

Røde Kors-folk ser på utstyret som skal brukast til å leite etter sakna Ingar Sægrov.

KLAR TIL INNSATS: Røde Kors-folk frå fleire stader er samla i Jølster denne helga for å leite etter sakna Ingar Sægrov.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Får lokal båthjelp

I tillegg har dei ein såkalla undervass-rov, ein fjernstyrt farkost med kamera. Dei ønskjer at deira utstyr og ressursar skal kunne komme til nytte.

Sogn og Fjordane Røde Kors stiller med ein eigen undervass-rov som kan gå ned til 300 meters djupne.

Saman vil dei ha ulike «auge» på botnen, som dei håpar vil kunne gjere funn.

Lokale båteigarar stiller dessutan opp med småbåtar med kalesje, slik at det fungerer å bruke PC og anna utstyr om bord, uavhengig av vêr.

– Så lenge det er håp om å finne, så prøver vi, seier Birger Fugle, som er leiar i Jølster Røde Kors.

Familien kom først

Rødekorsleiaren er glad for at det kjem inn frivillige med utstyr som kanskje kan bidra til å få ei avslutning på den triste hendinga.

Ingar Sægrov etterlet seg kone, barn og barnebarn. Under minnestunda i kyrkja i oktober 2019 var bodskapen klar.

– Familien kom først, sa dottera Charlotte Sægrov i kyrkja og fortalde om ein far som var glad i og stolt over barn og barnebarn.

Meteorologisk institutt sin animasjon av ekstremvêret over Sunnfjord og Nordfjord tysdag 30. juli 2019.

Meteorologisk institutt sin animasjon av ekstremvêret over Sunnfjord og Nordfjord tysdag 30. juli 2019.