Hopp til innhold

Vil ikkje bli reality-Sveinung, men...

Utan straum og vatn skal ein gjeng politikarar stue seg saman i ei hytte. Alt dei gjer kjem sjølvsagt på tv.

Heikki Holmås, Sandra Borch og Sveinung Rotevatn

PÅ HYTTETUR: Heikki Holmås, Sandra Borch og Sveinung Rotevatn er blant politikarane som blir med på hyttetur neste veke. Diskusjonane får du sjølvsagt sjå på tv til hausten.

Foto: Montasje: Trond Viken/Utenriksdepartementet/Alf Vidar Snæland, Scanpix/Unge Venstre

Realitysatsinga blir ein del av valkampsendingane på TV2. TV-kanalen har lokka med seg både utviklingsminister Heikki Holmås (SV) og Frp-politikar Per Sandberg (Frp), skriv Dagens Næringsliv.

26 år gamle Sveinung Rotevatn frå Eid er blant dei yngste av deltakarane. Leiaren i Unge Venstre og stortingskandidaten for Venstre i Sogn og Fjordane gler seg.

– Eg var litt skeptisk. Ein skal jo gjere noko litt uvanleg, og eg har ikkje vore med på noko realityserie før. Men eg vart forsikra om at det skulle vere mest snakk om politikk og at det skulle vere mest hyggeleg, seier han til NRK.no.

Ikkje utstemming?

Dagrun Eriksen

KRF: Dagrun Eriksen er også med på hyttetur.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
Per Sandberg

FRP: Det er også Per Sandberg.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Om det blir høglydt krangling, romantikk eller alliansebygging kan ingen seie på førehand. Men reality blir det.

Sju politikarar reiser neste veke på ein hyttetur i Østfold. Diskusjonar om politikk står naturleg nok på agendaen, og serien skal sendast i fleire episodar til hausten.

– Vi skal vere saman nokre dagar og løyse konkrete oppgåver og snakke politikk, og snakke med kvarandre. Og så skal vel TV2 klippe det saman til noko som vonleg er verdt å sjå på for veljarane til hausten, seier Rotevatn.

I tillegg til han, Holmås og Sandberg, skal også leiaren i Senterungdomen Sandra Borch, Eirin Sund (Ap), Dagrun Eriksen (KrF) og Linda Hofstad Helland (H) vere med.

Rotevatn vedgår at han var litt skeptisk, men likevel tok sjansen.

– Og det er vel ingen som blir stemt ut trur eg. Eller det kan vel for så vidt skje, men det skjer ikkje før 9. september, og ikkje i valsendinga. Det verka som ein hyggeleg ting å vere med på, så eg gler meg eg, seier han lattermild.

Håpar å nå nye veljarar

Mange vil hevde at politikarane kastar seg med på mykje rart i ei valår, men Rotevatn meiner ikkje ein slik hyttetur er det verste ein kan vere med på.

– Det er blitt gjort rarare ting. Og eg trur ikkje eg ville vore med på ein del ting som har skjedd tidlegare, som til dømes kasting av stresskoffertar eller kroppsmåling.

– Men ein liten hyttetur med Heikki Holmås og andre hyggelege folk, det skal eg klare kome meg gjennom, seier han.

Han håpar også at eit slikt konsept kan bidra til å nå ut til veljarar som kanskje ikkje vil følgje valet så tett på andre frontar.

– Det er ein uformell setting. Litt av poenget er at ein skal nå dei som kanskje ikkje synst det er så spennande å følgje med på NRK-debatten eller lese Dagens Næringsliv eller andre aviser kvar dag.

– Men dei som kanskje heller synst det er kjekt å møte politikarar i ein litt uformell setting. Mitt håp er at vi kan nå veljarar som synst det er fornuftig å stemme Venstre, og som vi ikkje hadde nådd elles, seier leiaren i Unge Venstre.

Vil ikkje vere reality-Sveinung...

Mange av dei som er med på realityseriar får tilnamn etterpå. Big Brother-Ramsey, Idol-Tone, Charter-Svein og Farmen-Gaute er berre nokre eksempel.

Men den unge politikaren vil ikkje ha eit slikt tilnamn.

– Du blir jo reality-Sveinung du no, er det OK?

– Nei, det er i grunn ikkje det. Ikkje kall meg det. Kall meg heller for stortingskandidat, og så skal eg heller vere med på det realityshowet og så får vi håpe det går fint, flirer han.