Hopp til innhold

Har starta innsamling av plast – og snart må du sortere matavfall

FØRDE (NRK): Plastinnsamlinga som starta etter nyttår er godt i gang, men i åra som kjem må folk i Sunnfjord bu seg på å kjeldesortere meir enn berre papp og plast.

Liv Løken vaskar meir plast

SKYLLER PLASTEN: Liv Løken demonstrerer korleis plasten skal behandlast før den skal i søpla.

Foto: Idunn Lavik

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg har flytta litt rundt, men då eg kom til Førde fekk vi ikkje lov til å kjeldesortere plastavfall, seier Liv Løken, som bur i Førde og er oppteken av kjeldesortering.

Ho er nøgd med at Sunnfjord miljøverk no har starta innsamling av plastavfall frå kommunane. Det har dei aldri gjort tidlegare.

– Før måtte vi køyre opp til miljøverket med plasten vår sjølv. Mykje av miljøgevinsten frå sorteringa forsvinn når ein må køyre langt med bil og slepp ut CO₂, så det er ikkje bra. ​​

​​​​

Både under og oppå kjøkkenbenken er det kjeldesortering satt i system.

KJELDESORTERINGSENTUSIAST: Både under og oppå kjøkkenbenken er kjeldesorteringa sett i system.

Foto: Idunn Lavik / NRK

Liv Løken meiner likevel at plastinnsamling ikkje er nok. Kommunane som soknar til Sunnfjord miljøverk er nemleg blant dei siste på Vestlandet som enno ikkje har tilbod om sortering av matavfall.

Det er store rom for forbetring. Det viktigaste er at vi får skilt ut matavfallet, for der er det mange næringsstoff som kan utnyttast vidare, seier Løken.

Fått inn to tonn på fyrste innsamling

Rådgjevar på miljøverket, Arne Øvrebø, er nøgd med resultatet av fyrste innsamling av plastavfall.

– Inntrykket vårt er at det har gått veldig fint. Vi har fått inn om lag to tonn med hushaldsplast, og folk har vore flinke på å setje ut plasten saman med papiravfallet sitt, seier Øvrebø.

Kvar nordmann kvitter seg med om lag 18 kilo plast i året. Av den plasten som vert samla inn, vert 99 prosent anten materialgjenvunne eller energiutnytta.

Sunnfjord miljøverk

SUNNFJORD MILJØVERK: Rådgjevar Arne Øvrebø er nøgd med resultatet av fyrste innsamling av hushaldsplast. Arkivfoto.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Sunnfjord miljøverk er klar over at plastinnsamling er noko folk har venta på, og no er dei opptekne av at plasten er riktig behandla før han vert kasta.

Det heiter at plasten skal vere rein og tørr, og oftast er det nok å skylje plasten i litt kaldt vatn, riste han og så er det godt nok.

Matavfall er neste steg

På spørsmål om Sunnfjord miljøverk har planar om starte innsamling av matavfall, svarar dagleg leiar Henning Tjørhom positivt.

– Det er neste punkt på agendaen. Det er ein del praktiske ting som må på plass før ei slik innsamling, men vi skal vere i gang ein gong i løpet av dei neste tre åra.

Henning Tjørhom i Sunnfjord Miljøverk

SNART NY INNSAMLING: Dagleg leiar på Sunnfjord miljøverk, Henning Tjørhom, seier det snart vert innsamling av matavfall. Arkivfoto.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Liv Løken er nøgd med beskjeden om at Sunnfjord miljøverk skal starte innsamling av matavfall. Ho meiner at kjeldesortering er naudsynt i det store biletet.

– Eg tykkjer det er viktig at vi ikkje berre brukar og kastar, men heller tek vare på ting og brukar om att. Så det er i den store samanhengen eg tykkjer at kjeldesortering er viktig.