Hopp til innhold

No må du halde meir avstand til naboen på campingplassen

Nye krav skal gjere det tryggare å reise på camping. Større avstand skal hindre at heile campingplassen går opp i flammar.

Gloppen Camping og Fritidssenter

NYE REGLAR: Dei nye reglane gjeld ikkje for allereie etablerte plassar, men nye plassar. Her frå Gloppen Camping.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Noregsferie og camping har blomstra under pandemien, og det er ingen teikn på at nordmenn er leie.

Før ein ny sommar med mykje aktivitet på campingplassane i landet, har styresmaktene tatt grep.

Frå 1. mars i år vart avstandskravet mellom kvar campingeining auka frå tre til fire meter.

– Dei forsøka som har vore gjort syner at den meteren utgjer meir enn vi trudde.

– Det er mindre fare for spreiing frå ei vogn til neste med fire meter, seier

Brannsjef i Stryn John Jatgeir Vinsrygg

OPTIMIST: Brannsjef i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg, fortel at å gå frå tre til fire meter har stor effekt.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Brannsjef i Stryn kommune, John Jatgeir Vinsrygg, som i desse dagar har informert campingeigarar i Stryn om dei nye krava.

I fjor opplevde Vinsrygg fleire brannar i dei populære turistområda i Stryn og Loen.

Kan bli katastrofale brannar

I Noreg er det i snitt 45 brannar i året på campingplassar.

– Alle brannar kan utvikle seg til katastrofebrannar, der heile campingplassen står i fare for å brenne opp, seier Bo Damberg, leiar for førebyggande brannvern i Stryn.

I fjor omkom ein person under ein brann på campingplassen i Frosta. No vil styresmaktene ha auka fokus på tryggleik.

– Det vil bidra til forseinke spreiinga av brannar, gjere det enklare for naudetatane å kome fram og det vil gi publikum meir tid til å rømme, seier Johan Marius Ly, avdelingsdirektør i DSB (Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap).

Brann Granmo camping

DRAMATISK: Det i snitt 45 brannar på campingplassar i Noreg kvart år.

Foto: Synnøve Stølen / Opp

Det nye regelverket vil ikkje ha tilbakeverkande kraft, så det vil ikkje gjelde for dei som alt har faste plassar.

Kan skape diskusjonar

Dei nye krava vert helsa velkomne, men bubil- og caravanklubben utelukkar ikkje at dei nye krava vil føre til ein del spørsmål og diskusjonar.

– Om campingplasseigaren ønskjer å utvide kan han velje å følgje å følgje dei nye krava etter utvidinga. Det kan føre til ein del diskusjonar og spørsmål, seier fagsjef i Norsk bubil og Caravan Club, Anita Hekholt Engh.

Moysand camping, Grimstad

TETT I TETT: På campingplassar kan det bli tett. No ønsker myndigheita meir avstand for å hindre farlege brannar.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

I Stryn er John Roger Meland og kona godt i gang med å førebu seg på ein sommar med mykje trafikk på Strynsvatn Camping. Han er positiv til endringane.

– Vi har alltid forsøkt å halde fire meter. Men når det er toppsesong og folk kjem og ber på sine kne for å overnatte, så kan det bli litt tett. Så ei slik presisering gjer vel alle litt meir merksemd på halde avstandane, seier Meland.

Han vedgår at dei nye krava kjem til å gjere at dei kan ta inn mindre folk på campingplassen, men fryktar ikkje økonomiske konsekvensar av færre gjester.

– Vi får heller auke prisen med ein 50-lapp.

Strynsvatn Camping

FØLGER REGLANE: På Strynsvatn camping blir det laga til for nye plassar til campingvogner. Heilt etter boka, med fire meters avstand mellom. Campingplasseigar John Roger Meland er oppteken av branntryggleik.

Foto: Benedikte Grov / NRK