Hopp til innhold

No blir det bøter for å gjere som denne bulkete bilen

Då kinesarane mista toget, tok dei bilen fatt. No skal det svi å bruke bil på Rallarvegen utan lov.

Vatnahalsen hotell Montasje

DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE KØYRE: I 2014 klarte åtte kinesiske turistar å køyre heile vegen opp til Vatnahalsen Høgfjellshotell. Dagleg leiar på hotellet slår ut med armane.

Foto: Merete Husmo Høidal/Arne Veum / NRK /Aurlendingen

– Gebyret må vere såpass høgt at ingen blir freista til å køyre ulovleg, seier Tony Dæmring, områdedirektør i Bane Nor Sør-Vest.

Kvart år lokkar Rallarvegen mellom Haugastøl og Myrdal år til seg tusenar av fjellsyklistar.

Men nokre tek også bilen fatt, sjølv om vegen ikkje er dimensjonert for det.

For å komme seg frå Flåm opp til Vatnahalsen må ein for eksempel ta seg gjennom ikkje mindre enn 21 serpentinsvingar – knappe hårnålssvingar – i stupbratt terreng.

Den siste halvdelen er ein kjerreveg med grus som blir smalare og smalare.

I 2014 klarte åtte kinesiske turistar å køyre heile vegen opp til Vatnahalsen Høgfjellshotell 820 meter over havet.

– Eg tenkte i himmelens namn og rike, dette vert ein dyr ferie, sa dagleg leiar på hotellet, Jannet Aksnes, då den herja bilen dukka opp på tunet.

Sjølv om prestasjonen til kinesarane aldri har vore tangert, verken før eller sidan, ynskjer Bane Nor å sette opp to punkt med skiltgjenkjenning.

For dei som blir tatt i ulovleg køyring, ventar eit gebyr på 10.000 kroner.

Rallarvegen er navnet på anleggsveien som ble anlagt omkring forrige århundreskifte i forbindelse med byggingen av Bergensbanen.

PRESTASJON: Her har villfarne turistar klart å køyre heile vegen opp til Vatnahalsen Høgfjellshotell 820 meter over havet.

Foto: Bane nor

Vil telje trafikantar

Dæmring understrekar at det ikkje er eit stort problem med ulovleg køyring på vegen, men at det hender at både frekkasar og villfarne kjem køyrande.

Det i dag er bom ved Storurdi og skilt ved Kårdal i Flåmsdalen.

Hovudårsaken til at selskapet ønskjer skiltgjenkjenning er reduserte vedlikehaldskostnader og moglegheit for å få oversikt over trafikantane som kjem.

Vegtrafikklova seier at det «med samtykke frå kommunen kan krevjast bompengar for ferdsle på privat veg. Kommunen skal også fastsetje storleiken på avgifta, og kan setje vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane».

Aurland-ordførar Trygve Skjerdal (Sp) seier kommunen er gjort kjent med forslaget og at dei har kontakta Bane Nor for å få meir utfyllande informasjon.

– Det er viktig for oss at vi syter for at all annan nødvendig ferdsel kan køyre utan at det blir hindringar. Eg tenkjer då både på utrykkingskøyretøy og på frivillige lag, seier ordføraren.

I tillegg er også kommunane Hol og Ulvik blitt kontakta om forslaget.

Vegen startar på Haugastøl og følgjer Bergensbanen til Finse, Hallingskeid og Myrdal før den fortset langs Flåmsbana til Flåm.

Får framleis bruke vegen

Som hovudregel gir Bane Nor løyve til å køyre dersom ein skal frakta utstyr eller materiell som ikkje kan transporterast på annan måte.

Næringsdrivande, som bønder, reiselivsverksemder eller kraftselskap kan få sesongløyve. Slik skal det vere også med ny ordning, seier Demring.

Unormalt mykje snø førte til ein kort fjorårssesong, der dei høgste punkta ikkje var snøfrie før midten av august.

Sesongen for dei som vil sykle Rallarvegen kan bli lengre i år. Vegen kan vere farbar i starten av juli, melder Aurlendingen.

Mange har syklet Rallarvegen i år

POPULÆR SYKKELRUTE: Rallarvegen er ein mykje brukt sykkelveg. Bane Nor vil no setje opp kamera med skiltgjenkjenning ved Storurdi og Kårdal i Aurland.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK