Hopp til innhold

No betalar du dyrt for straumen – og verre kan det verte

Straumprisane har ikkje vore så høge på over 10 år. Og om det ikkje kjem meir regn snart, kan prisane halde fram med å stige utover hausten.

Straumprisar i Sør-Noreg

KOSTBAR VARE: Med kaldare vêr og aukande forbruk er det ikkje umogleg at straumprisane held fram med å stige utover hausten.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Vi må heilt tilbake til vintermånadane i 2010 for å finne straumprisar som var høgare enn det vi betalar i dag.

I Bergen var snittprisen i juli 38 gongar høgare enn på same tid i fjor.

Her ser ein snittprisen på straum per månad i fleire store norske byar.

Det tørre vêret i år har slått kraftig ut på straumprisen i Sør-Noreg, fortel kraftanalytikar i Sogn og Fjordane Energi, Ole Marius Gloppestad.

– Vi har sett ei totalendring i vêret sidan fjoråret. Førre sommar gav ekstremt mykje nedbør med låge straumprisar, så har det snudd i år. Det er mindre vatn enn normalt, og då stig prisane, seier Gloppestad.

Prisen kan stige

Forbruket på straum er lågt i sommarmånadane. Med kaldare vêr og aukande forbruk er det ikkje umogleg at prisstiginga held fram utover hausten.

– Det er jo over det prisnivået vi har sett på mange, mange år. Kjem det ikkje nedbør er det ikkje umogleg at prisane vil halde fram med å stige, fortel krafthandlar i Fjordkraft, Nils Petter Benjaminsen.

Nils Petter Benjaminsen, kraftanalytiker

STRAUMPRIS: Krafthandlar Nils Petter Benjaminsen hos straumleverandøren Fjordkraft trur ikkje det er umogleg at prisnivået på straum kan stige ytterlegare.

Foto: Fjordkraft

Billegare i nord

Men straumen er ikkje dyr i heile landet. I Nord-Noreg betalar kundane mindre.

– Kysten frå Trondheim til Agder er dei produksjonstunge vasskraftområda i Noreg, og har mindre vatn i år på grunn av tørke, seier Gloppestad.

Den andre årsaka er at det er bygd ut veldig mykje fornybar kraftproduksjon i Nord-Noreg dei siste åra. Det fører til eit energioverskot der, og prisane blir lågare.

Kvifor kan dei ikkje sende litt av overskotet til Sør-Noreg, slik at det blir billigare her?

– Vi klarar ikkje heller å eksportere alt som i teorien kunne vore eksportert til Sør-Noreg, og då blir det prisskilnader.

Må ha nedbør

I mai opna den første straumkabelen mellom Noreg og Tyskland. Kabelen bidreg til at prisnivået i Noreg er knytt tettare opp mot straumprisane i Europa, på godt og vondt.

– Prisane er no styrte av ein kombinasjon av lite nedbør i Noreg og dei høge prisane på kontinentet, seier Benjaminsen.

Han peiker på CO₂-avgifter på kontinentet som ei årsak til prisstiginga. I Europa er det i stor grad pris og avgift på gass, kol og CO₂ som styrer straumprisane.

– Desse prisane har aldri vore så høge før, og i Tyskland ligg straumprisane på godt over ei krone for kilowattimen, seier han.

Skuldar på tørke

Tørke i Vestland har ført til unormalt låg vasstand. Målingar utført av NVE viser at fyllingsgraden i vassverk i Vestland ligg på nær 62 prosent. Normalen er på denne tida av året er 75 prosent.

Med mindre regnbyene ikkje kjem, er det liten grunn til å tru at straumprisane vil peike nedover.

– Det ser ikkje ut til at prisane på gass, kol og CO₂ kjem til å minska, så det er eigentleg berre nedbøren som kan endra straumprisane i Noreg på kort sikt, seier han.