Angrar på heile «utrøykinga» - hadde vore på julebord kvelden før

Torsdag ville Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete røykje ut den som har leke frå evalueringsrapporten. Fredag meiner ho utsegna kom som resultat av ein lang dag og sein natt på julebord.

Liv Signe Navarsete
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Eg skulle aldri ha reist på Politisk Kvarter den dagen. Etter ein så tøff onsdag, og så julebord på kvelden, og sein natt, så burde eg kanskje halde meg unna å stilt på radioen klokka 07.45 om morgonen, seier Navarsete.

Onsdag kom evalueringsrapporten av tidenes svakaste Sp-val. Her kom det fram at tillitsvalde i partiet meiner leiinga var usynleg i store delar av valkampen, og evalueringa som vart lagt fram i går, teiknar eit knusande bilete av partiet.

Men då den svært så krasse rapporten vart lagt fram i onsdag, brukte Sp-leiar Liv Signe Navarsete mest tid på å snakke om lekkasjane ho trur har komme frå utvalet.
VG har fått tilgang til intervju med sentrale partifolk, gitt i trumål til utvalet.

Kom rett frå levra

På Politisk Kvarter torsdag sa Navarsete at ho ville røykje ut kjelder som lek til media, og at det ikkje burde vere så vanskeleg å finne den skuldige, all den tid det berre var ni personar i utvalet.

Men dagen deretter har Navarsete fått eit litt anna syn på det ho sa på radio.

Ho meiner at den strevsame dagen før, i kombinasjon med julebord, førte til at ho ikkje var så god til å formulere seg som ho burde ha gjort når ho skulle snakke om ei såpass krevjande sak.

– Eg er kjend for å komme meg ting rett frå levra. Men når eg sa å røykje ut, så meinte eg slett ikkje at ein skulle byrje med ei heksejakt, seier Navarsete.

Har aldri vore snakk om heksejakt

Ho meiner ting kom ut at proporsjonar i media.

– Eg har aldri teke til orde for heksejakt. Eg oppmoda som partileiar den som har komme med lekkasjane til å stå fram. Men eg har aldri noko sinne oppmoda til ei heksejakt. Eg har aldri sett for meg at vi skulle til med straffereaksjonar mot nokon i Senterpartiet. Det kjem aldri til å skje, seier Navarsete.

Ho peikar på at eit politisk parti heller ikkje har noko moglegheit til å drive etterretning på dette viset.

– Me har jo inga moglegheit til å røykje ut eller drive detektivarbeid. Men at ein kan snakke med folk, er jo ei anna sak. Men det er ikkje snakk om ei heksejakt, seier Navarsete.

Derimot skal partileiinga no konsentrere seg om få Senterpartiet på fote att.

– Me må samle partiet, og det er det fokuset me må ha framover. Og det er det eg ber om at heile partiet tek inn over seg, seier Navarsete.

Ho likar dårleg at «heksejakt-titlar» har vorte det einaste som står att etter evalueringsrapporten.

– Eg er lei meg for at eg brukte eit uttrykk som er vorte veldig, veldig stort slege opp, og som absolutt ikkje var noko gjennomtenkt uttrykk torsdag morgon, seier Navarsete.

Klar for å byrje på nytt

– At ein går inn i julehøgtida markerer at ein også skal ha fred og samhald og tilgiving. Det er viktig å leggje bak oss det som har vore med lekkasjar og slike ting, og halde fast på at me skal gjennomføre eit skikkeleg arbeid knytt til evalueringsrapporten, seier Navarsete.

Ho er klar på at partiet har nok å ta tak i når kalenderen syner 2014.

– Eg og leiinga må jobbe oss i lag om korleis vegen vidare vert. Me har eit sentralstyre som er på denne saka, og eit arbeidsutval som skal leggje til rette for denne prosessen, seier Navarsete.

Ho peikar på at det viktigaste er at dei får tid til å snakke i lag.

– Det skal vi gjere så fort som råd etter jul og nyttår, seier Navarsete.

At den beste løysinga vil vere å fjerne nokon i partileiinga, har ho ikkje noko tru på.

– Det er ikkje så mange månader sidan me vart valde i Loen. Me har vel ikkje forandra oss så mykje sidan då. Det betyr at me både må og skal samarbeide. Dei personlege motsetnadane handlar vel meir om at me i einskilde saker har forskjellig perspektiv, seier Navarsete.